Samfundspartiet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samfundspartiet var tidlegare namn på eit politisk parti i Noreg. Partiet henta tankar frå kristendom, korporativisme, teknokrati, sosialpsykologi, økologi og samfunnsøkonomi. Tankane hadde samla eit drag av fascisme. Partiet vart organisert kring forfattaren Bertram Dybwad Brochmann. Partiet vaks fram på 1930-talet mykje som resultat av den økonomiske krisa i mellomkrigstida. Samfundspartiet hadde få formelle strukturar. Slik fekk Brochmann stort spelerom. Han vart overraskande innvald på Stortinget frå Bergen i 1933, og fekk merksemd ved i krisetidene å nekta å ta imot løn for å sitja på Stortinget. Samfundspartiet, ved Brochmanns vararepresentant Gjert E. Bonde, var det eineste partiet som røysta mot Steriliseringslova i 1934. Lova opna for sterilisering av personar med "mangelfullt utviklede sjelsevner", og lova vart særleg nytta ved sterilisering av romanifolket og tatarar.
Ved valet i 1936 vart ikkje Brochmann stortingsrepresentant. Trass i dette vart partiet representert gjennom Sigurd Haakon Jacobsen, innvald frå Nordland fylke. Då okkupasjonen av Noreg under den andre verdskrigen kom i 1940, valde partiet å oppløysa seg sjølv. Sjølv om Brochmann tok avstand frå Vidkun Quisling meinte han at Hitler sin økonomiske politikk var fornuftig. Slike synspunkt vart offentleg gjeve uttrykk for, mellom anna i ei radiotale. Brochmann og fleire av partikameratane vart dømde i landssvikoppgjeret etter krigen. Samfundspartiet stilte til val for siste gong i 1949.
[endre] På verdsveven
- Henimot nullpris! Foredrag om Samfundspartiet sin økonomiske politikk
- Om Bertram D. Brochmann i Norsk Biografisk Leksikon
- Nettstaden til avisa Samfunnsliv, grunnlagd av Brochmann
- Norsk Krigsleksikon om Brochmann
[endre] Sjå òg
- Samfunnspartiet - eit parti som vart grunnlagd i 1985 av Øystein Meyer Johannessen.