Bondepartiet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bondepartiet vart stifta i 1920. Partiet vart oppretta som ein reaksjon på at Stortinget ikkje tok bøndene sine krav om sosial og geografisk utjamning på alvor. Partiet endra namn til Senterpartiet i 1959 for at namnet skulle illustrere at partiet hadde utvikla seg vekk frå den agrariske lina og ikkje lenger var å rekne som eit protestparti. Namneendringa var ei understreking av at partiet plasserte seg sjølv i sentrum, midt mellom høgre- og venstresida i norsk politikk. Den tidlegare statsministeren Per Borten representerte Bondepartiet.