Fellesliste mot framandinnvandring
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fellesliste mot framandinnvandring (Fellesliste mot fremmedinnvandring) var ei liste som stilte til val i Oslo ved stortingsvalet 1993. Lista konkurrerte med Fedrelandspartiet, som òg stilte liste i Oslo, om dei innvandringsfiendtlege røystarane i hovudstaden ved dette valet. Felleslista vart størst av dei to, med 1 828 røyster, eller 0,7 % av røystene i Oslo.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |