Nasjonalalliansen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nasjonalalliansen | ||
Partileiar: | [[{{{partileiar}}}]] | |
Oppretta: | 1999 | |
Ideologi: | Nasjonalsosialisme | |
Farge: | Brun | |
Hovudkontor: | - - ingen |
|
Epost: | ? | |
Nettstad: | ? | |
Ungdomsorganisasjon: | Norsk Ungdom | |
Partiavis: | - | |
Internasjonal tilknyting: | ? | |
Europeisk tilknyting: | ? | |
Ordførarar: Ingen | ||
Kommunestyrerepresentantar: Ingen | ||
Fylkestingsrepresentantar: Ingen | ||
Stortingsrepresentantar: Ingen | ||
Medlemstal: ? | ||
Nasjonalalliansen var eit politisk parti som vart tufta i 1999. Partiet arbeidde for ein umiddelbar stopp av innvandring til Noreg og tilbakesending av innvandrarar som var i landet. I tillegg til dette fokuserte dei på distriktspolitikk og miljøvern. Partiet hadde ikkje offentleg definert nokon grunnleggjande ideologi, men tok utgangspunkt i eit eige idégrunnlag. Partiet var likevel eit klart nasjonalistisk parti, i og med at dei m.a. la vekt på å skilje mellom nordmenn og samar og la dei sørge for eiga utvikling kvar for seg.
Norsk Ungdom var ungdomsorganisasjonen til Nasjonalalliansen.
Nasjonalalliansen er framleis eit verna partinamn i Brønnøysundregistra, og vernet går ut den 13. mars 2010.
[endre] Historie
Nasjonalalliansen var ei vidareføring av tidlegare og meir kjende parti som Kvit Valallianse og Stopp Innvandringen. Partiet var òg ein del av Norsk Folkeparti i ein toårsperiode.