Det Politiske Parti
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det politiske parti (DPP) vart tufta av komikarane Johan Golden og Atle Antonsen. Partiet stilte til sitt første stortingsval i 2001 på slagord av typen «Din slave på tinget». Om DPP hadde fått inn representantar på Stortinget skal det ha vorte røysta over kva desse representantane skal stemme i kvar enkelt sak på den offisielle nettstaden til partiet. DPP ønskte m.a.o. å innføre ei form for direktedemokrati. Partiet nytta paraplyen som logo. Den var symbol på at dei dekte heile den politiske landskapen. I partiprogrammet til DPP heiter det at partiet byggjer politikken sin på fridom, likskap og politikk.
Partiet fekk nærare 1% av alle røystene på landsbasis i sitt første valår (2001) og over 8% i skulevala d.å. (det ville resultert i nærare 12 representantar på Stortinget om det var ekte val).
Etter Stortingsvalet i 2001 har partiorganisasjonen (som hovudsakleg bestod av to personar) stått stille. DPP deltok ikkje i kommune- og fylkesstyrevala i 2003. Då partiet ikkje har meld overføring til partiregisteret fell partinamnet ut av Brønnøysundsregisteret som registrert partinamn etter stortingsvalet 2005.
[endre] Les òg
- Liste over Lettsindige politiske parti
[endre] Ekstern lenkje
Ynskjer du å bidra til Wikipedia på nynorsk ved å utvide denne artikkelen kan du besøkje Wikiprosjektet Norske politiske parti, eit prosjekt som tek sikte på å dokumentere dei norske politiske partia.
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |