Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions Stortinget - Wikipedia

Stortinget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det norske Stortinget
Forstørr
Det norske Stortinget

Stortinget er den lovgjevande forsamlinga i Noreg. Tinget har 169 representantar som avgjer dei fleste saker samla, men i visse saker er delte i to avdelingar, Odelstinget og Lagtinget.

Dei viktigaste oppgåvene til Stortinget er

  • å vedta nye lover og endra eller oppheva gamle
  • å vedta statsbudsjettet, det vil seia å fastsetja dei årlege inntektene og utgiftene til staten
  • å kontrollera regjeringa og statsforvaltninga
  • å handsama planar og retningsliner for verksemda til staten ved å drøfta meir generelle politiske spørsmål (til dømes i utanrikspolitikken), ta standpunkt til reformplanar, godkjenna større prosjekt med vidare

Ettersom Noreg har eit parlamentarisk styringssystem må kongen velja rådgjevarane sine — regjeringa — frå parti som har tillit hjå eit fleirtal på Stortinget, og regjeringa må gå av viss eit fleirtal på Stortinget seinare uttrykkjer mistillit til regjeringa.

Innhaldsliste

[endre] Stortingsrepresentantar

Løve utanfor Stortinget.
Forstørr
Løve utanfor Stortinget.

Det er stortingsval kvart fjerde år. Av dei 169 representantane kjem 150 direkte inn som distriktsrepresentantar, medan 19 kjem inn på utjamningsmandat. Talet på representantar som skal veljast inn i kvart valdistrikt er sett fast i den norske grunnlova ut frå folketalet og flatevidda av distrikta. Sist stortingsval var den 12. september 2005, jf. lista over stortingsrepresentantar 2005-2009.

Etter ei grunnlovsendring frå 2003 er ikkje talet på representantar frå kvart valdistrikt fastsett i grunnlova. Lova seier i staden kor mange representantar ein skal ha totalt, og gjev ein utrekningsmåte for korleis dei skal fordelast ut frå folktetal og areal i valdistrikta (Grl. § 57).

Frå 1989 til 2005 hadde Stortinget 165 representantar. Av desse blei åtte valde inn som utjamningsrepresentantar, fordelt over heile landet.

[endre] Avdelingane

Grunnlova § 49 seier at «Folket udøver den lovgivende Magt ved Storthinget, der bestaar af to Afdelinger, et Lagthing og et Odelsthing.» Stortinget blir altså delt i to delar når det handsamer lovforslag og riksrettsakar. Stortingsrepresentantane sjølve fordeler seg på dei to kamra etter stortingsval. Ein fjerdedel av representantane sit i Lagtinget medan resten sit i Odelstinget.

Stortinget er likevel ikkje delt i to kammer på same måte som mange andre nasjonalforsamlingar. Medlemmene i dei to avdelingane blir valde under eitt ved same stortingsval, for samme periode, og etter same krav til å kunne veljast. Dei fleste stortingsfunksjonane skjer òg i plenum.

I røynda har Lagtinget svært lita makt i dag. Ut frå samansettinga i dei første tiåra etter 1814 kan det sjå ut som om dette tinget var meint å virka som eit overhus. I våre dagar fungerer det ikkje slik, ettersom yngre representantar og førstegangsvalde gjerne blir plasserte her. I teorien har Lagtinget ein viktig funksjon i samband med riksretten, som blir utforma av medlemmene av dette kammeret saman ned høgsterettsdommarane. Det er protokollkomiteen på Odelstinget som tek initiativ til ei riksrettssak og fører saka, medan riksretten dømer i saka (Grl. §§ 86 og 87). No til dags er likevel ikkje riksretten nokon særleg maktfaktor; det har ikkje vore reist riksrettssaker i Noreg sidan 1927.

Det er føreslått at delinga skal opphevast, og at lovforslag i staden skal vedtakast gjennom fleire drøftingar i plenum. Forslaget blei sett fram i september 2004, og sidan det inneber endringar i grunnlova må det opp til avrøysting i Stortinget før oktober 2008. Viss forslaget blir vedteke vil nyordninga tre i kraft etter stortingsvalet 2009.

[endre] Arbeidsordning

[endre] Presidentskap

Stortingspresidenten leier møtene i Stortinget, i samarbeid med varapresidenten. I tillegg har presidenten i oppgåve å representera Stortinget i offisielle høve. Stortingspresidenten er konstitusjonelt nummer to i landet, berre etter kongen, og tek over visse kongelege oppgåver dersom kongen er fråverande eller indisponert.

Stortingspresident for perioden 2005-2009 er Thorbjørn Jagland, og varapresident er Carl I. Hagen.

Stortingskomiteane
Fagkomitear
  • Arbeids- og sosialkomiteen
  • Energi- og miljøkomiteen
  • Familie- og kulturkomiteen
  • Finanskomiteen
  • Forsvarskomiteen
  • Helse- og omsorgskomiteen
  • Justiskomiteen
  • Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
  • Kommunal- og forvaltingskomiteen
  • Kontroll- og konstitusjonskomiteen
  • Næringskomiteen
  • Transport- og kommunikasjonskomiteen
  • Utanrikskomiteen og den utvida utanrikskomiteen

Andre komitear

  • Arbeidsordningskomiteen
  • Fullmaktskomiteen
  • Valkomiteen

[endre] Komitear

Mesteparten av det faglege arbeidet i Stortinget skjer i komiteane. Fordeling av sakar på dei ulike komiteane er fastsett i forretningsordenen til Stortinget.

Saker som Stortinget skal ta stilling til blir først handsama av ein fagkomité. Kvar stortingsrepresentant sit i ein komite som har eit særskilt arbeidsområde. Det er tretten faste fagkomitear pluss den utvida utanrikskomiteen, og i tillegg tre administrative komitear; andre komitear kan utnemnast om det trengst.

[endre] Møteprosedyre

Stortingsmøtene tek til med at stortingspresidenten innleier med «Stortingets møte er lovlig satt», eller ein variasjon av desse orda. Deretter opnar presidenten for private forslag før Stortinget fortsetter med den tidligere fastsatte møteplanen. Når møteplanen er ferdig behandla blir møtet heva. Stortinget sit saman så lenge det finn det naudsynt.

[endre] Lovendringar

Lovframlegg, anten det gjeld nye lover eller endring eller oppheving av eksisterande lover, blir i hovudsak presentert for Odelstinget (OT) av regjeringa i odelstingsproposisjonar (Ot.prp.), men kan òg fremjast av enkeltrepresentantar i OT gjennom såkalla private lovframlegg (Grl. §%nbsp;76). OT vil så drøfta framlegget. Viss det trengst endringar før OT kan godta eit framlegg, vert det fordelt til ein av stortingskomiteane som vil arbeida med saka for seinare å presentera ho for OT til ny vurdering.

Viss Odelstinget med enkelt fleirtal (>50%) er samd i eit lovframlegg blir det vedteke og sendt vidare til Lagtinget (LT), som etter si eiga drøfting må vedta det same framlegget med enkelt fleirtal for at det skal bli til lov (Grl. §%nbsp;76). Viss LT ikkje godtek lovframlegget, blir det sendt attende til OT for ny drøfting. Då kan OT trekkja framlegget, eller endra det eller oppretthalda det og senda det til LT for andre gong. Dersom LT igjen nektar å godta framlegget frå OT, må det takast opp i Stortinget i plenum, som etter nærare drøfting kan vedta det med kvalifisert flertall (minst 2/3). Det må gå minst 3 dager mellom ulike drøftingar (Grl. §%nbsp;76).

Eit lovframlegg som er vedteke av Lagtinget eller av Stortinget i plenum, blir sendt vidare til kongen for sanksjonering (Grl. § 77). Kongen kan etter grunnlova nekta å sanksjonera eit lovframlegg – kongens vetorett – og senda det attende til tinget, som i så fall ikkje får leggja det fram på nytt før etter neste stortingsval (Grl. § 78). Men viss det neste Stortinget vedtek det same lovframlegget, vert det til lov anten Kongen sanksjonerer det eller ikkje (Grl. § 79).

Framlegg om brigde i Grunnlova må leggjast fram i eitt av dei tre første Storting ettar eit val. Deretter kan det vedtakast av eitt av dei tre første Stortinga etter neste val (Grl. § 112). Endringar i grunnlova må alltid gjerast med kvalifisert flertall av Stortinget i plenum. Grunnlovsendringar blir underskrivne av stortingspresidenten og stortingssekretæren, ikkje kongen, men blir sende kongen (les: regjeringa) til orientering og vidare offentleggjering (Grl. § 112).

[endre] Stortingsbygget

Framsida av Det norske Stortinget
Forstørr
Framsida av Det norske Stortinget

Dagens stortingsbygg på Karl Johans gate er teikna av arkitekt Emil Victor Langlet og blei innvigd 5. mars 1866. Konstruksjonen hadde teke nærare fem og eit halvt år. Stortingsbygget gjekk gjennom omfattande ombygging i åra 19511959 under arkitekt Nils Holter. Det fekk då eit tilbygg på fire etasjar, og Stortingssalen blei utvida.

[endre] Historie

Frå 1814 og fram til 1854 heldt Stortinget til i lokala til Oslo katedralskole på hjørnet av Prinsens gate og Dronningens gate i Oslo. Staten tok etter kvart over heile bygningen medan ein venta på eit spesiallaga stortingsbygg. Frå 1854 til 1866 blei stortingsmøta haldne i Gamle festsalUniversitetet i Oslo. Den første stortingssalen blei flytta til Norsk Folkemuseum i 1914 medan bygningen blei riven for å gje plass til Posthuset.

Planane om ein permanent stortingsbygning var stadig framme til drøfting, med mange ulike forslag om val av tomt. I 1839 laga arkitekten Hans Linstow eit som plasserte stortingsbygget ved den nylaga Slotsveien, i dag Karl Johans gate, rett ovanfor Universitetsbygningane. Men planane blei sette til side for mange andre offentlege byggeoppgåver, som Slottet og universitetet.

I 1847 tok ein stortingskomité opp byggesaken igjen. Arkitekt Heinrich E. Schirmer fekk i oppdrag å laga eit utkast i nygotisk stil på tomta til Rådmannsgården, Rådhusgaten 19, men også dette blei lagt vekk etter mykje diskusjon.

I 1855 kjøpte regjeringa den noverande tomta og med samtykke frå Stortinget. Same året blei det lyst ut ein arkitektkonkurranse. To år seinare blei utkastet til Heinrich E. Schirmer og Wilhelm von Hanno, i nygotisk stil, utropt til vinnar. Men medan dette blei drøfta kom arkitekten Emil Victor Langlet tilbake frå Italia med eit utkast han ikkje hadde rukke å levera innan fristen. Dette vakte merksemd og fekk mange tilhengjarar.

Under stortingshandsaminga av byggesaken fekk vinnarutkastet mykje kritikk, medan andre var redde for at Langlet var for uerfaren. Derfor bestilte ein eit tredje utkast frå den kjente danske arkitekten Chr. Hansen. Departementet føretrakk dette, men Stortinget valde til slutt, i 1860, utkastet til Langlet med 59 mot 47 stemmar. Dette hadde forkjemparar som Anton Martin Schweigaard, Johan Sverdrup, Ole Gabriel Ueland og Bjørnstjerne Bjørnson.

[endre] Innreiing

Eidsvoll 1814 av Oscar Wergeland (1885)
Forstørr
Eidsvoll 1814 av Oscar Wergeland (1885)

Stortingssalen er det viktigaste rommet på tinget. Her sit stortingsrepresentantane på sete i vifteform rundt presidentplassen og dei tre referentstolane. På veggen bak desse heng det norske riksvåpenet og måleriet Eidsvoll 1814 av Oscar Wergeland. Stortingsfolka sit fylkesvis etter alfabetet, fordelt innbyrdes etter stemmetal. Salen er dekorert i raudt og gull.

Lagtingssalen er mindre og noko enklare dekorert enn stortingssalen, men er halden i same stilen. Hovudfargen her er grøn. Rommet var opphavleg på baksida av stortingsbygget, men etter ombyggjinga på 1950-talet er det no utsyn frå lagtingssalen til kontorbygget.

Møblementet både i stortings- og lagtingssalen er teikna av den opphavlege arkitekten Emil Langlet.

Sentralhallen eller Vandrehallen ligg mellom dei to salane, og blir ofte nytta til presseintervju med stortingsfolk. Dette rommet var tidlegare ein open bakgard.

Historisk sal har bogekvelving og inneheld portrett av 142 stortingspresidentar frå 1814 til 1940. Her er utplassert montrar med materiale frå viktige år i stortingshistorien; 1814, 1884, 1905 og 1940.

Eidsvollsgalleriet er blitt pussa opp og omdekorert i 1959 og 1991, og blir kalla det vakraste rommet på tinget. Det er pryda med portrett av atten menn frå Eidsvollsforsamlinga og fire viktige seinare politikarar: Johan Sverdrup, Carl Berner, Christian Michelsen og Gunnar Knudsen. Tolv byster av tidlegare stortingsrepresentantar er òg plasserte her.

Stortinget inneheld òg ei rekke kunstverk, både eigne og utlånte frå Nasjonalgalleriet. I alt finst det over 600 slike i bygget. Rundt 3 000 bilde av folkevalde heng òg på veggane.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Stortinget


Static Wikipedia (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2007 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2006 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu

Static Wikipedia February 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu