1940
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Innhaldsliste |
[endre] Hendingar
[endre] Utlandet
[endre] Andre verdskrigen
- 12. januar: Sovjetunionen bomba fleire byar i Finland.
- 14. mai : Luftwaffe bomba Rotterdam i Nederland.
- 14. mai : Nederland overgav seg til Tyskland.
- 3. juni : Evakueringa av allierte troppar frå Dunkerque tok slutt. Over 335.000 britiske, franske og belgiske soldatar blei redda.
- 27. september: Tripartitepakta blei underskriven i Berlin av Tyskland, Japan og Italia.
- 9. desember: Storbritannia gjekk til åtak på italienske stillingar i Nord-Afrika.
- 29. desember Luftwaffe gjekk til åtak på London med brannbomber. Rundt 3.000 sivile blir drepne.
[endre] Noreg
- 14. februar: Det tyske fangeskipet «Altmark» kom inn i norsk territoralfarvatn og heiste tysk marineflagg.
- 16. februar: HMS «Cossack» borda det tyske hjelpeskipet «Altmark» i Jøssingfjorden, for å frigje britiske fangar.
- 9. april: Operation Weserübung: Noreg vart invadert av Tyskland.
- Den tyske diplomaten Curt Bräuer overleverte eit ultimatum til den norske regjeringa. Regjeringa avslo krava.
- Den tyske kryssaren DKM «Blücher» vart søkt i Drøbaksundet.
- Vidkun Quisling kunngjrde over radio i Norsk rikskringkasting at han danna regjering.
- 10. april: Kong Haakon VII svarte nei på nytt tysk ultimatum. Otto Ruge vart kommanderende general.
- Slaget ved Midtskogen gard
- 15. april: Administrasjonsrådet vart oppretta, Quisling gjekk av.
- 20. april: Namsos vart bomba av tyske bombefly.
- 24. april: Josef Terboven vart utnemnd til rikskommissær (Reichskommissar) for dei hérsette områda av Noreg.
- 28. mai: Narvik vart teke av allierte styrkar.
- 7. juni: Kong Haakon VII drog i eksil til Storbritannia.
- 10. juni: Dei norske styrkane kapitulerte
- 25. september: Josef Terboven utnemnde sine kommissariske statsrådar.
[endre] Fødde
- 17. januar: Einar Økland, norsk forfattar
- 7. juli: Richard Starkey, kjend som Ringo Starr, trommeslagar i The Beatles
- 5. oktober: Eldrid Lunden, norsk diktar og første norsk professor i skrivekunst
- 9. oktober: John Lennon, engelsk musikar og medlem i The Beatles
- 23. oktober: Pelé, brasiliansk fotballspelar
- 1. november: Jon Skolmen, underhaldningsartist og forfattar
- 17. desember: Kåre Valebrokk, norsk pressemann
- 21. desember: Rolf Sagen, norsk forfattar
[endre] Døde
- 16. mars: Selma Lagerlöf, svensk forfattar
- 21. juni: Sam Eyde, norsk ingeniør og industriherre
- 21. august: Lev Trotskij, sovjetisk politikar
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>