Hitler
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hitler er eit austerriksk etternamn. Under Hitler-tida i Tyskland blei namnet eit symbol på nazismen og landet sin førar, Adolf Hitler, som i namnet på ungdomsorganisasjonen Hitlerjugend, eller i uttrykket Heil Hitler. Då det nazistiske regimet velta vart namnet avskydd på same måte som namnet Quisling vart i Norge. Det finst framleis nokre personar som heiter Hitler, men dei opplever mykje motgang.
Adolf Hitler fekk namnet sitt frå faren sin, Alois. Då denne mannen vart fødd heitte han Schicklgruber etter mor si. Fem år gammal fekk han namnet til stefar sin, Johann Georg Hiedler, som vart stava Hitler i kyrkjeboka. Slektsnamnet fanst òg i utgåva Huetler, så den endelege skrivemåten var noko tilfeldig.
[endre] Personar med namnet Hitler
- Adolf Hitler, fødd i Austerrike, men var frå 1933 til 1945 diktator og statsleiar i Tyskland
- Adolf Lu Hitler Marak, indisk kongresspartipolitikar