Anders Langes parti
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep (ALP) vart tufta i 1973 av den idealistiske kapitalisten og liberalisten Anders Lange. Partiet var opprinneleg ein reaksjon på skattepolitikken som vart ført i samtida, og stiftinga vart utløyst av Bortenregjeringa si innføring av moms.
Ved Stortingsvalet i 1973 fekk partiet inn 4 representantar på Stortinget. Desse fire var Anders Lange frå Oslo, Erik Gjems-Onstad frå Akershus, Harald Slettebø frå Hordaland og Erling Erland frå Rogaland.
I 1974 vart det første landsmøtet i partiet helde i Hjelmeland i Rogaland, og Anders Lange vart formelt vald til leiar. Sidan Lange døydde same året laut Eivind Eckbo ta over leiinga av partiet fram til landsmøtet i 1975. Der vart Arve Lønnum vald til ny partiformann. 29. januar 1977 endra partiet namn til Framstegspartiet, ved stortingsvalet same året mista partiet alle stortingsmandata.