Þingvellir
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Þingvellir nasjonalpark, eller Tingvalla på Island, er av UNESCO teke med på lista over verdsarv. Staden ligg ved den største innsjøen på Island, Þingvallavatn. Tingvellir skal vera den staden der islendingane heldt sitt første landsting, kring år 930. Det islandske parlamentet Alltinget (islandsk språk: Alþingi) fører historia attende til Alltinget frå norrøn tid (Norrønt språk: Alþing). Tinget fungerte òg som ein domstol.
Utover sin historiske verdi er Þingvalla òg kjend for eit variert og vent geologisk landskap. Tingstaden er omgjeven av bratte veggar av stein og vulkansk lava, som står att frå den tida Tingvallavatn oppstod gjennom ein sprekk mellom kontinenta for tusental år sidan. I området er det mange jordskjelv. Området vart erklært som nasjonalpark i 1928.
[endre] Lenkjer ut
- Þingvellir National Park UNESCO World Heritage Centre på http://whc.unesco.org
- Offisiell nettstad på http://www.thingvellir.is
- Fotografi frå www.islandsmyndir.is
- Fotografi
- Måleri 1 by A. Jónsson
- Måleri 2 by A. Jónsson
- Andy Carvin's Thingvellir- galleri