Nærøyfjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nærøyfjorden er ein fjord i Aurland i Sogn og Fjordane. Nærøyfjorden er omkring 20 kilometer lang og er ein arm av Aurlandsfjorden som igjen er ein arm av Sognefjorden. Innerst i Nærøyfjorden ligg Gudvangen. Andre busetnader langs fjorden er Bakka og Dyrdal. Nærøyfjorden kom 14. juli 2005 på UNESCO si verdsarvliste og utgjer ein del av Nærøyfjorden landskapsvernområde, oppretta i 2002.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |