Falun og kopparbergslagen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Falun og Kopparbergslagen er eit område som omfattar det historiske industrilandskapet kring Falun og Stora Kopparberget i Sverige. Falun og Kopparbergslagen er teke med på UNESCO si liste over verdsarv, frå den 13. desember 2001. Verdsarvkomiteen si grunngjeving for å ta med området på lista var:
- "Det historiske industrilandskapet kring Stora Kopparberget og Falun utgjer eit av dei fremste områda fpr gruveverksemd og metallproduksjon. Gruvedrifta tok slutt mot slutten av 1900-talet, men har gjennom mange hundre år hatt sterk innflyting på teknisk, økonomisk, sosial og politisk utvikling i Sverige og Europa."
Kopparbergslagen var ein del av Dalabergslagen og vart utgjort av sokna Aspeboda, Enviken, Vika med Hosjö, Stora Kopparberg, Sundborn, Svärdsjö med Svartnäs, og Torsång i tillegg til Falu stad (by), sjå Falun. Alle desse sokna utanom Torsång inngår i dag i Falu kommun. Til Falu kommun høyrer òg Bjursås i Övre Dalarna.
[endre] Sjå òg
- Kopparbergslagen
- Falu koppargruva
- Stora Kopparbergs Bergslags AB
- Bergslagen
- Bergslag
[endre] Lenkjer ut
- Världsarvet Falun på http://www.varldsarvetfalun.se/
- Mining Area of the Great Copper Mountain in Falun på http://whc.unesco.org
- Riksantikvarieämbetet - Falun och Kopparbergslagen på http://www.raa.se
- Dalarna Världsarvet Falun
- Upptäck Världsarvet Falun
- Dalarötter - Falubygdens släktforskarförening