Jordskjelv
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jordskjelv er rystingar i jordskorpa som skuldast tektoniske platerørsler. Læra om jordskjelv heiter seismologi.
Styrken av jordskjelv måler ein på richterskalaen. Skalaen er eksponentiell, så t.d. eit jordskjelv på 7,3 er femti gongar kraftigare enn eit 6,3-skjelv og 2 500 gongar sterkare enn eit på 5,3. Det er ingen nedre eller øvre grenser på skalaen, men det har aldri vore målt høgare verdiar enn 9,5.
På jorda er det meir enn 1,1 millionar jordskjelv kvart år. Ein million av desse er så svake at dei overhovudet ikkje kan merkast av menneske.
Eitt eller to jordskjelv per dag måler over 2,0 i styrke. Den som opplever eit slikt skjelv, kan ikkje unngå å merka det.
Om lag 12 000 jordskjelv per år ligg mellom 4 og 5 på Richter-skalaen og kan forårsaka materielle skadar. 2 000 årlege skjelv er så alvorlege at dei kan øydeleggja bygningar.
Nokre jordskjelv (< 250 per år) er livsfårlege for menneske. Sjå liste over store jordskjelv.