Jellingmonumenta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jellingmonumenta er to runesteinar, to gravhaugar og ei kyrkje frå norrøn tid som ligg i Jelling på Jylland i Danmark. Dei blei tekne med på UNESCO si liste over verdas kulturarv i 1994.
Jellingsteinane er steinar med runeinnskrifter sette opp av dei danske kongane Gorm den gamle og sonen hans Harald Blåtann. Den første og minste steinen er frå rundt 950, den andre frå om lag 965. Den mindre Gormsteinen er sett opp til minne om kona Tyra Danebot, medan Haraldsteinen både vil minnast foreldrene og at Harald Blåtann erobra heile Danmark og Noreg og kristna danane. Han er difor blitt kalla «Danmarks dåpsattest».
Gravhaugane er kvar rundt 10 meter høge og 70 meter i diameter. Dei ligg på kvar si side av kyrkja. Ein reknar med at det er Tyra Danebot og Gorm den gamle som var gravlagde her. Men gravkammeret i nordhaugen er tomt, og sørhaugen har inga grav.
Jelling kyrkje blei bygd ved byrjinga av 1100-talet. I kyrkja finn ein mellom anna dei eldste kalkmåleria i Danmark.
Utgravingar på 1970-talet viste spor etter tre tidlegare trebygningar, der den eldste var større enn den noverande kyrkja. Harald Blåtann konverterte til kristendommen i si levetid, og det var truleg han som stod bak oppføringa av den første kyrkja. Eit gravkammer nord for kyrkja som inneheldt knoklane frå ein mann kan vera den flytta kroppen til kong Gorm den gamle.