Engelsbergs bruk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Engelsbergs bruk ligg om lag 10 km søraust for Fagersta i Västmanlands län i Sverige.
Engelsbergs bruk vart bygd opp frå 1681 og vart eit av dei mest moderne jarnbruka på 1700-talet. I nærleiken fins det herregard, park, brukskontor, arbeidarbustadar og industribygg. Engelsberg er det einaste jarnbruket i Sverige som har att både bygg og det meste av den tekniske utrustinga.
På 1700-talet vart bruket eigd av familien Söderhielm og på 1800-talet av familien Timm. Generalkonsul Axel Axelson Johnson kjøpte bruket i 1916, og lét det gå inn i Avesta Jernverk si forvalting. Tre år seinare vart bruket lagd ned. Bruket vart etter kvart overteke av Nordstjernan AB. Riksantikvarieämbetet restaurerte bruket i 1970-åra.
Bruket går inn i økomuseet Ekomuseum Bergslagen.
Engelsbergs bruk er av UNESCO teke med på verdsarvlista over kulturarv, som eit viktig industriminne.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Riksantikvarieämbetet - Engelsbergs bruk
- Engelsbergs bruk Ekomuseum Bergslagen
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |