Verla tresliperi og pappfabrikk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verla tresliperi og pappfabrikk ligg i Jaala kommune aust i Finland. Fabrikken er eit døme på småskala finsk industriverksemd frå 1800-talet og byrjinga på 1900-talet. Vanleg produksjon i fabrikken vart stogga i 1964.
Verla tresliperi og pappfabrikk vart i 1996 teke med på UNESCO si verdsarvliste.