Petäjävesi gamle kyrkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Petäjävesi gamle kyrkje er ei trekyrkje, bygd i åra 1763-1764 som bykyrkje for Petäjävesi i Jämsä församling sentralt i Finland.
Kyrkja er eit typisk døme på ein arkitektonisk tradisjon som er unik for dei austlege delane av Nordeuropa. I 1994 vart ho teken med på UNESCO si liste over verdsarv.
Innhaldsliste |
[endre] Historikk
Kring 1720 vart det gjeve løyve til å byggja eit gravkapell i området. Då budde det få menneske der, og folk ferdast oftast langs med vassdrag. På sommaren ferdast ein gjerne i båt, og på vinteren med slede på isen. Ein bygde kapellet mellom dei to innsjøane Jämsä og Petäjävesi. Kapellet vart erstatta av ei kyrkje bygd i tre på same staden. Kyrkja stod ferdig 1764. Byggmeister for kyrkja var Jaakko Klementinpoika, medan snikkarmeisteren Jacob Clementsson Leppänen teikna henne.
Den gamle kyrkja ligg ein kilometer frå sjølve tettstaden Petäjävesi. I 1879 stod det ferdig ei ny kyrkje inne i sjølve tettstaden. Den gamle kyrkja vart då mindre bruka.
[endre] Kyrkja og interiøret
Kyrkja dannar eit gresk kors. Høge, svakt kanta kvelvingar av furu dekkjer krossarmane. I skjæringspunktet ragar det ein åttekanta mellomkuppel.
Ein går inn i kyrkja gjennom grunnetasjen til klokketårnet. Klokketårnet vart bygd i tida 1820-1821 av Jacob Läppänens sin son Erik Jacobsson Leppänen.
Preikestolen er etter tradisjonen rekna å vera eldre enn sjølve kyrkja, og er stilistisk lik preikestolen i Jämsä si førre hovudkyrkje. Altertavla, og truleg tavlene på alterveggen er truleg måla av C. F. Blom i 1843.
Utsida av kyrkja vert prega av det høge valmtaket, i stil med gamal gotisk stil tradisjon.
[endre] Lenkjer ut
- Petäjävsi gamla kyrka
- Museiverket om världsarven i Finland (på svensk)
- UNESCO World Heritage Centre - Petäjävesi Old Church
[endre] Litteratur
Forfattarar: Leif Anker og Ingalill Snitt
Norsk tittel: Vår Nordiske Verdensarv — ISBN 82-90823-35-5