Serbia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Samo sloga Srbina spasava (Berre sameining reddar serbarane) | |||||
Offisielle språk | Serbisk | ||||
Hovudstad | Beograd | ||||
Styresett |
Republikk Boris Tadić Vojislav Koštunica |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
88 361 km² (—.) Ukjent |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
9 400 000 (—.) — 106,34/km² (—.) |
||||
Sjølvstende |
Frå Det osmanske riket 13. juli 1878 Frå Serbia og Montenegro 3. juli 2006 |
||||
BNP - Totalt (—) - Per innbyggjar |
— (—.) — (—.) |
||||
Valuta | Serbisk dinar1 | ||||
Tidssone | UTC +1 | ||||
Nasjonalsong | Bože Pravde | ||||
Nasjonaldag | 28. juni | ||||
Internasjonal telefonkode | +381 | ||||
Nasjonale toppdomene | .yu framleis i bruk .cs er reservert | ||||
1 Euro i nokre område. |
Serbia er eit land i aust-Europa. Det grensar til Ungarn og Romania i nord, Bulgaria i aust, Makedonia, Albania og Montenegro i sør og Bosnia-Hercegovina og Kroatia i vest. Den sørlege provinsen Kosovo er formelt ein del av Serbia, men de facto under internasjonal administrasjon sidan 1999
Serbia utgjorde frå 2003 til 2006 sambandet Serbia og Montenegro saman med Montenegro. I røynda fungerte Serbia og Montenegro som to åtskilde statar på dei fleste område. Ei folkerøysting i Montenegro gjekk inn for oppløysing av sambandet med Serbia i mai 2006. Serbia vart åtskilt frå Montenegro 3. juni 2006, og vart då ein eigen uavhengig stat.
[endre] Klima
Det meste av Serbia har eit kontinentalklima.Nedbørsmengdene minkar mot aust, og vinteren er skya, sjølv i dei tørraste områda. Vind frå sør kan strøyme nordover, og fønvind kan gje temperaturar over 10ºC. Men ein kan òg få kald luft (kalla kosavavind, ein avart av boravinden) frå Karpatane som strøymer sørover mot Beograd. I slike tilfelle kan det bli svært kaldt.
Om sommaren vernar derimot fjella i vest Serbia frå den kjølegare havlufta, så temperaturane kan då bli svært høge. Fjell er det derimot mykje òg i Serbia, og snøen ligg gjerne i lange periodar på vinterstid. Beograd har ein årleg nedbørsnormal på 700 mm, og den våtaste tida på året er sommaren, men mesteparten av dette kjem i form av regnbyger, og ofte i samband med torevêr.
Aust-Europa |
Albania | Armenia | Aserbajdsjan | Bosnia-Hercegovina | Bulgaria | Estland | |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |