Kraków
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |
Kraków | |
Fakta | |
Województwo (Voivodskap) | Małopolskie |
Powiat (distrikt) | Kraków |
Gmina (kommune) | Kraków |
Ordførar | Jacek Majchrowski |
Flatevidd | 326,80 km² |
Folketal | 757 957 ({{{folketalår}}}) |
Folketettleik | 2317,93 innb./km² |
Vevside | http://www.krakow.pl/ |
Geografi | |
Fil:Krakow Mapa1.png |
Kraków (tysk og tidligare norsk Krakau) er hovudstaden i Małopolska og Małopolskie-provinsen i Polen. Han ligg ved elva Wisła. Han har no 740 000 innbyggjarar. Han er ein av Europa sine vakraste byar, og står på UNESCOs verdsarvliste. Han reknast som Polen sin kulturhovudstad.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
[endre] Tidleg historie
Byen si historie byrja før stiftinga av staten Polen som hovudstad for vistuliske stammar. Legenda seier at byen blei grunnlagt av den mytiske herskaren Krak, derav byen sitt namn. Arkeologiske funn av mynt legg at området samhandla med Romerriket.
Sannsynlegvis er dei eldste busetjingane i området frå forhistorisk tid, men det var ikkje før i det 8. hundreår at busetjingane fekk form av ein by.
Omkring år 1000 var han allereie ein tydingsfull handelsplass, og blei erobra av Bolesław den tapre; dermed kom han under piastane sitt herredøme.
[endre] Kraków sin periode som hovudstad i Polen
I 1038 blei Kraków hovudstad i Polen. Han fekk byførerettar (Magdeburg-førerettar) i 1257 og blei vidare utbygd; utbygginga frå denne gangen kan fremdelast sjåast i gamlebyen.
I 1364, under regjeringstida til kong Kazimierz, blei byen sitt universitet grunnlagt. Det er blant Europa sine eldste, i Sentraleuropa er berre universitetet i Praha eldre. (Europa sitt eldste universitet ligg i Bologna i Italia.)
Mellom 1386 og 1572 herska jagiellonane over byen, som bl.a. hadde nære familieforbindelsar til Habsburgdynastiet. Særleg under Sigismund I og Sigismund II blei byen eit maktsentrum i Polen. Frå denne tida stammar ein stor mengde renessansebygg og -kunstverkar. På 1500-tallet studerte Nikolaus Copernicus her, og Hans Dürer, yngre bror av Albrecht Dürer, var hoffmålar hjå kong Sigismund den eldre. I midten av hundreåret blei den tyskspråklege byregjeringa også gradvis erstatta av ein polskspråkleg. Den siste jagiellonarkongen dødde i 1572, og i 1596 forla den svenske Vasa-kongen Sigismund III den polske residensen til Warszawa, for di byen låg nærmare Sverige. Dessutan var Warszawa nærmare det geografiske sentret i Polen-Litauen.
[endre] Nedgangstider for Kraków
Byen mista mykje av tydinga si etter at han mista statusen som hovudstad. Kraków var likevel fortsett byen der Polens kongar blei krona og gravlagde.
Svenske tropper si omleiring og påfølgjande rasering av byen 1655 – 57, samt eit pestutbrott, bidrog til å redusere folketalet.
Etter delingane av Polen på slutten av 1700-talet blei byen i perioden 1815 – 46 ein fristad. Seinare kom han under Habsburgane, og blei seinare annektert av Austerrike og innlemma i den austerriksk-ungarske provinsen Galicia. Under det relativt liberale austerrikske styret blei byen på ny sentret for polsk kultur og kunst og eit nasjonalsymbol for polakkane. Under fyrste verdskrig kjempa tropper frå då austerrikske Krakau på sentralmaktene si side. Etter krigen blei byen del av den nye staten Polen.
[endre] Kraków under den andre verdskrigen
thumb|300px|Jødar deporterast frå Kraków i 1943
Då Polen blei okkupert av tyske tropper under andre verdskrig, blei byen gjort til hovudstad i det såkalla Generalgouvernement für die besetzten polnischen Gebiete, som var dei delane av Polen som ikkje blei innlemma i det tyske riket. Nazisten Hans Frank fekk verva som generalguvernør, og flytta inn på Wawel.
Under Frank sitt styre blei store delar av byens intellektuelle arrestert og sendt i konsentrasjonsleir. Dessutan blei byens store jødiske befolkning sendt til Auschwitz rett vest for Kraków, der flesteparten dødde. Jødestrøket, Kazimierz, blei gjort fullstendig folketomt under krigen.
[endre] Under kommunistisk styre
Under det kommunistiske styret blei det bygd mykje nytt, deriblant ein svær drabantby (Nowa Huta) og eit kjempestålverk i brått nærheit av den gamle byen. Grunnane var ideologiske; man ynskte å setje eit «sosialistisk» preg på byen og undertrykke borgarlige og aristokratiske strømmingar blant byens innbyggarar.
Dette forsøket på å øydeleggje byen sin status som senter for konservativ katolisisme mislyktast. I 1978 blei byens erkebiskop Karol Wojtyła valt til pave under namnet Johannes Paul II. Den polske paven blie enormt populær i Polen, og blei eit viktig symbol i motstanden mot kommunistregimet.
[endre] Etter kommunismens fall
Miljøproblema skapt i kommunisttida har ført til at miljøspørsmål har vore den viktigaste politiske saka i byen sida 1989. Kraków sin fyrste ordførar etter kommunisttida var frå det polske miljøpartiet.
Kraków har dei seinare åra blitt populær blant turistar, og ved hjelp av privat kapital har byens Stare Miasto (gamlebyen) fått eit kosmopolitisk preg.
Det jødiske livet i Kraków byrjar også å ta seg opp. Rike amerikanske jødar med polske aner har gjort det muleg for det jødiske samfunnet å kjøpe tilbake bl.a. gamle synagogar for å setje desse i drift igjen. Det gamle jødestrøket Kazimierz renoverast raskt, og er i ferd med å bli Kraków sin hippaste bydel.