Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Folketal - Wikipedia

Folketal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Folketal, innbyggjartal, folkemengd, folkesetnad eller befolkning blir oftast brukt for å visa til kor mange menneske som held til innanfor eit geografisk område.

Folketalet i verda har auka mykje sidan den industrielle revolusjonen og moderne jordbruk vart innført.

Folketalet passerte:

  • 1 milliard omlag i år 1800
  • 2 milliardar omlag i år 1930
  • 3 milliardar i år 1960
  • 4 milliardar i år 1975
  • 5 milliardar i år 1987
  • 6 milliardar i år 1999
  • 6,5 milliardar natt til sundag 26. februar 2006

I følge SN kjem folketalet truleg til å passere:

  • 7 milliardar omlag i år 2012
  • 8 milliardar omlag i år 2028

Det vert fødd 4,1 menneske kvart sekund, medan 1,8 menneske døyr (2006).

Det er særleg i dei mindre utvikla landa folketalet aukar mest, og særleg i Asia. I til dømes Pakistan føder kvar kvinne 4.8 born gjennom livet (fødselsrate). I 1950 var folketalet i Pakistan 37 millionar, i 2005 158 millionar, og prognosane til SN seier at det i 2050 vil nå over 300 millionar.

Enkelte utviklingsland, som til dømes Kina, har innført tiltak mot ein ekspansiv folkeauke. Tiltaka har vore omstridde, men det er ting som tyder på at desse landa står sterkare når det gjeld økonomisk framgang og levevilkår for innbyggjarane. I Kina trur SN at folketalet vil halda seg mellom 1,32 og 1,45 milliardar menneske i tida fram mot 2050 og at ein vil nå toppen kring år 2030.

I Afrika har ikkje folkeauken vore så høg til tross for ein sers høg fødselsrate (til dømes 8,0(!) i Niger). Dette har grunnlag i låg levealder og høg dødelegheit på grunn av svakt helsevesen og epidemiar som malaria og AIDS. Også i Afrika er det forventa dobla folkemengd fram mot 2050.

I dei meir utvikla landa har fødselsraten sunke markant. I Spania og Italia føder kvar kvinne bare 1,3 born. SN trur at folketalet vil gå ned i Italia frå 58 millionar i 2005 til 50 millionar i år 2050. For å halda folketalet oppe reknar ein at fødselsraten må vere omlag 2,1 i land med eit moderne helsevesen. I desse landa ynskjer styresmaktene at fødselsraten skal gå opp for å kunne halda oppe eit stabilt samfunn.

Relativ endring i folketalet mellom folkegrupper kan skyldast folkevandringar, eller ulik fødselsrate, teknologi eller økonomi mellom gruppene. Dette fører ofte til konfliktar og omveltningar. Døme på dette i nyare tid er Libanon, Kossovo og omveltningane i Amerika etter at europarana invaderte dette kontinentet i det 15. og 16. århundre.

[endre] Folkemengd i verdsdelane

Verdsdel 1950 2005 2050
Afrika   224   906 1 900
Asia 1 396 3 905 5 200
Europa   547   728   650
Amerika   339   892 1 160
Oseania    12    33    47
Verda 2 519 6 464 9 100

Tabellen syner folketal i millionar fordelt på verdsdelane, kjelde: SN ESA.

[endre] Bakgrunnsstoff

Dei sameinte nasjonars divisjon for folkesetnad (som ligg under UN ESA)

[endre] Kjelder

  • Engelsk wikipedia
  • Sameinte nasjonar


Globus Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.

Sjå òg: Oversyn over geografispirer.

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com