Jul
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jul, òg skrive jol, er opphavleg namnet på den norrøne midtvinterfesten, men blir i dag særleg bruka om den kristne høgtida til minne om Jesu fødsel. Jula slik ho blir feira i Noreg og elles i Skandinavia i dag, er ei synkretistisk høgtid som hovudsakleg inkluderer trekk frå den kristne kristmessa, den romerske saturnalia-festen og den norrøne jula — i tillegg til enkelte trekk frå mellom anna den jødiske lysfesten hanukká.
I Noreg blir jula feira med julemat, levande lys og musikk; ein gjev kvarandre gåver, dei fleste pyntar juletre, i mange familiar les ein juleevangeliet, mange går til julegudstenester i kyrkja. Det er vanleg å halde juletrefest på samfunnshuset i romjula.
|
[endre] Opphav
[endre] Midtvinter i åsatrua
[endre] Juleblot
I Skandinavia har ein drukke jol i uminnelege tider. I norrøn tid samla ein seg til ein midtvintersfest som vara i om lag tre dagar. Her skulle ein blota til gudane, drikke øl og leva godt. Det er uklårt nøyaktig kva ein feira under juleblotet. Det kan ha vore ei nyttårsfeiring, eit blot for fruktbarheit, for dei daude, eller ein sol- eller lysfest som motsvar til den mørke vinteren.
Juletida var prega av kontrasten mellom fest og uhygge. Medan ein drakk jol og koste seg, måtte ein samstundes passe seg for dei mørke kreftene som var lause. Åsgardsreia, eller berre Reia, var inntil nyare tid namnet på eit skremmande følge av trollpakk og ugjerningsmenn som drog i kring og skremde folk og dyr. Det er uklårt om denne skikken går attende til førkristen tid eller om det er ein omforma eller nyskapt skikk i tidleg kristen tid. I kristen tid var det elles særleg Lussinatta 13. desember ein skulle akte seg for slike.
[endre] Vidare utvikling
Då Noreg vart kristna, vart det lagt vekt på å halde på gamle tradisjonar. Julefeiringa heldt fram under same namnet, men med nytt innhald. Ein erstatta midtvintersblotet med feiringa av fødselen til Kvitekrist. Der ein tidlegare hadde laga øl og blota til dei norrøne gudane, vart ein no pålagd å bryggje øl og signe det i Jesus og Jomfru Maria sitt namn.
Mange moderne juleskikkar har utvikla seg frå den gamle jola. Mellom anna kan det å setja ut graut til nissen i vår tid ha komme frå ofringa til forfedrane i gravhaugen på garden. Kanskje har òg skikken med å vitje familiegraver julaftan røtene sine i denne eldgamle feiringa.
[endre] Romerske midtvintersfestar
Romarane feira den livlege saturnaliahøgtida, til ære for Saturn, ved å gje kvarandre gåver, og ved å eta og drikke godt og mykje. At den kristne julefeiringa vart lagd til rundt same tida som saturnaliafeiringa, hjelpte kanskje den nye religionen til å spreie seg, og har nok òg gjort sitt til å påverke innhaldet av julefeiringa, med festing og å gje gåver.
Romarar feira òg Sol Invictus, den uovervinnelege solguden. Han blei gjenfødd ved vintersolkverv, som i den julianske kalenderen fall på 25. desember. Trua på solguden, som var inspirert av den persiske mitraismen, blei romersk statsreligion i år 207 under keisar Aurelius.
[endre] Jødiske element
[endre] Fleirarma adventsstakar
I jødedommen er det skikk å tenne eit stadig aukande tal levande lys i ein spesiell åttearma lysestake under høgtida hanukká, som alltid fell innanfor den kristne adventstida eller jula. I høgmellomalderen var det særleg mykje samkvem mellom jødar og kristne i området kring Rhinen i det sørvestlege Tyskland, og mange jødiske kulturelle trekk vart tekne opp i lokal kristendom. Dette er truleg opphavet til den firearma adventslysestaken der ein tenner eit aukande tal lys på dei fire søndagane føre juledagen.
Den sjuarma lysestaken, som ligg noko nærmare den jødiske hanukkijáen i form, har vore mykje bruka i samband med advent og jul i Tyskland — og denne lysestaken kom truleg til Skandinavia som eit kulturelt lån derifrå på 1800-talet. I dag er sjuarma elektriske lysestakar vanleg vindaugspryd i dei fleste hus i Noreg og Sverige og på Island gjennom heile desember. Ein kan òg finne slike adventsstakar med åtte eller ni lys — og ein sjeldan gong fleire lys.
Kristendommen |
Merkedagar |
Kyrkjeåret: Advent | jul | faste | påske | pinse | olsok | hausttakkefest | helgemesse |
[endre] Kristmessa i kristendommen
Det er usikkert kva tid fødselen til Jesusbarnet blei sett i samband med midtvinteren. Dei første historiske kjeldene nemner ei slik feiring på midten av 300-talet. Først feira ein hovudsakleg dei tre vise menn som kom med rike gåver til den nyfødde fredsfyrsten. Juleevangeliet fekk ein sentral rolle. Det blei vanleg å framføra det som eit spel eller framstilla det i ei julekrybbe, skikkar som har halde seg til våre dagar.
[endre] Feiring
Det er knytt mange tradisjonar, nye som gamle, til tida før jul og til sjølve julefeiringa. For mange er det viktig å feira jul på nøyaktig same måte kvart år. Samstundes kjem det stadig til nye skikkar.
[endre] Advent
Ventetida på at fødselsdagen til Jesus og juledagen skal koma blir kalla advent. Denne tida blir markert i kyrkjer og heimar med særskilde songar, lilla dekorasjonar og adventskalendrar.
Denne tida er òg prega av julestria, som inneber å rydda, vaska og laga mat til jul. Laging og innkjøp av presangar er òg blitt ein viktig og til tider stressande del av førjulstida.
[endre] Litlejulaftan
Eit nytt element i feiringa av dagen før julaften er Grevinnen og hovmesteren, eit kort, humoristisk fjernsynsprogram som blir sendt kvar 23. desember og sett av mange.
[endre] Julekvelden
I Noreg i dag er det julekvelden, altså heile dagen den 24. desember, som vert rekna for den fyrste og viktigaste dagen i jula. Ein trur dette er av di midnattsmessa, som i røynda skal være klokka 12 natt til juledagen, vart flytt fram i tid til ettermiddagen på julekvelden.
Nokre går i kyrkja på føremiddagen, og mange tenner lykter på gravene til nære slektningar. Det siste er ein katolsk skikk som er kommen inn i løpet av 1900-talet.
[endre] Julemiddag
Til middag på julekvelden et ein tradisjonell mat, og dei fleste har det same til julemiddag år etter år. Kva for rett ein har, heng for det meste saman med kor i landet ein sjølv eller slekta kjem frå, men òg i nokon grad på eigen smak og behag. Eit grovinndeling av lokale matskikkar er:
Område | Tradisjonell julemiddag |
---|---|
Innlandsbygder | ribbe |
Nord-Noreg | lutefisk, risgraut, pinnekjøt |
Vestlandet | pinnekjøt |
Sørlandet | juletorsk |
Det er vanleg å eta til ein blir meir enn mett, og det blir seinare servert dessert. Sjå artikkelen om julemat.
[endre] Julegåver
På kvelden sit ein heime saman med familien og opnar julegåver. Som regel går ein rundt treet før pakkane kan opnast, og mange stader må ein venta til julenissen – som regel ein utkledd person frå selskapet – kjem innom og startar gåveutdelinga.
[endre] Juledagen
Juledagen, eller første juledag, blir i Noreg oftast feira med juledagsmiddag — eit måltid som er noko mindre tradisjonsbunde enn julemiddagen på julekvelden. Relativt vanlege juledagsmiddagsrettar er svineribbe og steik — og i dei siste tiåra òg gjerne kalkun. Juledagsmiddagen er eit utprega familiemåltid — ein inviterer gjerne den nærmaste slekta.
Ein vanleg skikk i Noreg er at ein held seg heime eller blant eigne slektningar på juledagen. Det er gjerne tabu å gå på vitjing til grannar. Sosiale aktivitetar utanom familien blir heller lagde til romjula.
[endre] Romjula
Dagane mellom 1. juledag og nyårsaftan kallar ein romjul. Sjølve ordet «romjul» kjem frå norrønt «rúmheilagr», som tyder «noko ein ikkje treng å halde strengt heilag». Romjul er ikkje kjend frå andre kristne kulturar enn den nordiske, men har ein parallell i hol hammo‘éd i jødedommen.
[endre] Slutten på jula
Kva tid jula slutter varierer mellom ulike kulturar. I dag er det ofte nyttårsfeiringa og nyttårsdagen 1. januar som avslutter jula.
I Storbritannia har jula tradisjonelt vart i tolv dagar etter juledagen. Ho ende med Twelfth Night den 5. januar, og svarte til juletida feira i kyrkja.
I Skandinavia vara høgtida heilt til 13. januar, tjuandedag jul eller Knuts dag. Sjølv om moderne juleferiar som regel er over ved denne tida, feirer ein fortsatt dagen med julgransplundring i Sverige.
[endre] Sjå òg
- Julefred
- Julekort
- Julemat
- Julemusikk
- Julenisse
- Julesongar
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen var utvald og presentert som vekas artikkel på hovudsida i 2005.