Graut
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Graut er namnet som vert brukt om enkle retter som av utsjånad er ei homogen, tjuktflytande masse, og som vanlegvis er laga ved å koka gryn (eller andre kornprodukt) i væske. Graut er vanleg kost i mange norske heimar, både som frukost og som middagsmat, gjerne spesielt laurdagsmiddag.
- Havregraut er ein sunn og fiberrik frukostrett.
- Risgraut (risgryn kokt med mjølk og vatn) er den klassiske julaftanslunsjen mange stader i landet, og tradisjonell laurdagsmiddag mange stader i Noreg.
- Rømmegraut (rømme, mjøl og mjølk kokt i hop) har lang tradisjon som festmat, t.d. til 17. mai og jonsok.
- Vassgraut vart vart koka på vatn i staden for mjølk og vart rekna som skral kost i høve til graut koka på mjølk. Det var ikkje uvanleg at tenestefolk måtte eta vassgraut, medan sjølfolket åt graut koka på mjølk.
Graut er ei god (og som oftast rimeleg) kjelde til karbohydrat, samstundes som han er skånsam mot magen og ikkje treng tyggast. Difor blir graut ofte brukt som sjukediett.
Graut kan kokast i gryte, i steikeomn eller i mikrobølgeomn.
Graut og flatbrød var dei to rettane som var historisk kvardagsmat i Noreg. Til kvardags vart grauten i dei fleste heimar koka på vatn (vass-graut).
Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over matspirer. |
nn:Graut