Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Tabu - Wikipedia

Tabu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tabu er ei nemning på emne som er forbodne i eit visst samfunn, anten å utføra eller å snakka om. Døme på vanlege tabufelt er seksualitet og kroppsutsondringar. Ofte er tabu knytt til religion, til dømes ved at noko blir forbode fordi det er heilag, eller at religiøse retningsliner seier at noko er tabu. Etter at eit tabu er blitt oppretta vil det å bryta det som regel føra til konsekvensar, som kan vera alt frå skamkjensle og sosial utestenging til dødsstraff.

Innhaldsliste

[endre] Ordsoge

James Cook oppdaga både øyar og tabu på reisene sine.
Forstørr
James Cook oppdaga både øyar og tabu på reisene sine.

Ordet «tabu» kjem opphavleg frå Stillehavsområde som Polynesia, Melanesia og New Zealand. Der kan det visa til noko som er forbode for alle eller ein del av samfunnet, til dømes eit område ingen kan fiska på eller mat som ikkje kan etast av kvinner. Oppdagaren James Cook brukte første gongen ordet «taboo» på engelsk i 1777.

[endre] Døme

[endre] Kropp

Hidjab, tekkeleg klesdrakt, er av mange muslimar blitt tolka som eit påbod for kvinner om å skjula håret. (Foto: Jonathan McIntosh)
Forstørr
Hidjab, tekkeleg klesdrakt, er av mange muslimar blitt tolka som eit påbod for kvinner om å skjula håret. (Foto: Jonathan McIntosh)

Mykje av det som har med kroppen og kroppsfunksjonane å gjera kan det vera knytta tabu til. Utsondringar, som tiss og bæsj, sveitte eller blod — særleg menstruasjonsblod, eller lydar, som rap eller fis, kan det vera knytta store eller små tabu til.

Visse delar av kroppen kan vera tabu som må dekkast til, gjerne fordi dei har med seksualitet å gjera. Dette gjeld penis på menn (og i mindre grad for gutar) mange stader i verda, brystvortene på kvinner (og tildels menn) i dei fleste vestlege land, eller håret til kvinner i nokre muslimske, jødiske og kristne samfunn.

[endre] Seksualitet

I nokre kulturar er det knytt tabu til homoseksualitet.
Forstørr
I nokre kulturar er det knytt tabu til homoseksualitet.

Seksualitet kan generelt vera eit tabuemne som ikkje blir snakka om, eller berre nemnt med omskrivingar. Ei viss seksuell atferd kan òg vera tabu som blir straffa — til dømes homoseksualitet, «raseblanding», incest, pedofili og nekrofili.

[endre] Død

Døden er eit anna emne det gjerne blir oppretta tabu rundt, til dømes ved at ein bruker omskrivingar for å snakka om han, eller at det blir oppretta eit namnetabu om nokon døyr.

[endre] Mat

Mange jødar et bare mat dei veit er tilreidd etter kasjrútreglar, som denne fløytekartongen merka med «OU».
Forstørr
Mange jødar et bare mat dei veit er tilreidd etter kasjrútreglar, som denne fløytekartongen merka med «OU».

Mange religionar har restriksjonar på mat, til dømes kva ein kan eta eller korleis han skal tilreiast. Døme på det første er religiøs vegetarianisme, som ein finn innan hinduismen, djainismen og til dels buddhismen, medan muslimsk halal og jødisk kasjrút tek for seg begge deler. Forbod mot kannibalisme er eit generelt tabu mange stader som er blitt innført av kristne misjonærar på stader der ein ikkje hadde det.

[endre] Grunnlag og verknad

Tabu er i stor grad sosialt bestemte, det vil seia at dei ikkje er medfødde, men fastsette og oppretthaldne av eit samfunn. Ingen tabu er universelle, men visse, som forbod mot kannibalisme og incest, finst i størstedelen av verda.

Det går ofte an å sjå rasjonelle årsaker til tabu. Både kannibalisme og incest er dårleg åtferd ut frå eit biologisk synspunkt. Likeins kan kjøt lett bli bederva i det tropiske landet India, medan grisar i Midt-Austen kan innehalda parasittar. Slike tabu kan ha kome til fordi folk har lettare for å følga eit strengt forbod enn eit velmeinande råd.

Andre tabu kan vera vanskelegare å forklara og forsvara. Til dømes gjeld dette tabu mot å snakka om seksualitet, som kan føra til at unge blir utnytta, får kjønnssjukdommar eller blir uønska gravide fordi dei manglar eller har fått feilaktig informasjon.

[endre] Kommunikasjon

Tabu kan overførast til ord som har med emnet å gjera. Slike tabuord blir gjerne bytte ut med eufemismar i mange samanhengar. Sensur, av seg sjølve eller av andre, er ein annan verknad av tabu.

[endre] Sjå òg

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com