Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Levande lys - Wikipedia

Levande lys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Levande lys. (Foto: Jeff Cook)
Forstørr
Levande lys. (Foto: Jeff Cook)
Levande lys i samband med kinesisk nyttår. (Foto: Anthony Hartman)
Forstørr
Levande lys i samband med kinesisk nyttår. (Foto: Anthony Hartman)

Levande lys er små flammar på ei veike som vert brukte for å gje eit dempa lys. Før elektrisiteten kom inn i dei fleste heimane var levande lys den einaste måten å sjå på etter at det var blitt mørkt. I dag bruker ein lysa mest for å skapa ei stemning, utføra ei symbolsk handling, eller som del i ei religiøs høgtid.

Det levande lyset får me ved at veiken trekk til seg flytande feitt, som gjev nok energi til å halda vedlike ein rolig flamme. Dersom feittet er av dårleg kvalitet, vil flammen flakka og spruta.

Flammen til eit lys kan delast inn i fire ulike varmeområde. Området nær veiken er blått og er 1200-1400 grader. Det fargelause området like utanfor er kaldare, 800-1000 grader. Temperaturen i den lyse sonen er på rundt 1200 grader, medan den ytste delen er varmast, 1400 grader.

Det finst ulike måtar å laga levande lys på. I Nord-Europa er nå det vanleg å la smelta stearin kjølast rundt ein veike, slik at me får stearinlys. Andre former for feitt, som voks, talg og parafin, kan òg brukast for å laga stive lys. I Sør-Europa og Asia er det derimot vanleg å bruka grunne oljelampar, fylt med til dømes olivenolje eller sesamolje, som veiken flyt nedi.

Parafinlampa er ei form for levande lys som vart brukt over heile verda før ein fekk elektrisitet.

Innhaldsliste

[endre] Religiøs bruk

[endre] Buddhismen

Lys forma som lotusblomar i eit buddhisttempel i Kina. (Foto: Noé Lecocq)
Forstørr
Lys forma som lotusblomar i eit buddhisttempel i Kina. (Foto: Noé Lecocq)

Lys er ofte ein del av buddhistiske tempelritual, og blir gjerne brukte saman med røykjelse og blomar.

Høgtider kan markerast med levande lys, til dømes ved å ber dei rundt eit tempel. Under vassa, regntida der munkar trekk seg tilbake til tempel for å kvila og meditera, blir dei ofte gjevne store lys av dei truande. I samband med dette held ein opptog med digre vokslys i Thailand. Phiti hae prasat peung (พิธีแห่ปราสาทผึ้ง) i Ubon Ratchatani er den mest kjende.

Lys kan òg bli brukt som hjelpemiddel under meditasjon.

[endre] Hinduismen

Hinduar set ut lys i Ganga.
Forstørr
Hinduar set ut lys i Ganga.

Heime hjå religiøse hinduar er det vanleg å tenna ein oljelampe i husalteret om morgonen som brenn heile dagen. Hinduistiske høgtider vert ofte feira med eit utal levande lys som ein til dømes kan senda av garde på ei heilag elv eller fylla rom eller tempel med. Den viktigaste lysfesten er dipavali, då ein tenner oljelampar over heile India.

I Sør-India er det òg vanleg å tenna ein lampe kvar gong ein byrjer med noko nytt og ønsker ei god byrjing.

[endre] Jødedommen

I jødedommen tenner ein lys av tre hovudgrunnar: Symbolsk markering av Guds nærleik, markering av skilje og markering av minne.

Ner tamíd: I Tempelet i Jerusalem brann alltid menoráen, eller den sjuarma lysestaken. Denne var uttrykk for Guds nærleik og skulle alltid brenne. I synagogar har ein òg eit slikt «evig lys», eller «ner tamíd». Dette lyset, som er eit minne om den sjuarma lysestaken i Tempelet, er oftast raudt og har tradisjonelt vore eit levande lys. I dag blir normalt elektrisk lys bruka i staden.

Lys brenn i den åttearma lysestaken under hanukká.
Forstørr
Lys brenn i den åttearma lysestaken under hanukká.

Minnet om lysunderet: Dei åtte dagane i hanukká tenner ein minst eitt nytt lys kvar dag. Desse lysa er heilage, og ein skal ikkje bruka lyset deira til å gjera verdsleg arbeide.

Skiljet mellom kvardag og helg; eit minne om boda: I jødedommen tenner ein to levande lys føre solnedgang på fredagskvelden for å markera byrjinga av kvar sabbat og høgtid. Dette markerer, i tillegg til skiljet mellom arbeid og helg, minnet om høgtidene som jødar er pålagde å halde og hugse.

Skiljet mellom helg og kvardag: Ei stund etter solnedgang på laurdag kveld og etter høgtider tenner ein eit lys som hovuddelen av habdaláseremonien som markerer skiljet mellom helg og kvardag og byrjinga på den nye veka. Om ein høgtidsdag byrjar på laurdag kveld seier ein habdalá for skiljet mellom helg med fullt arbeidsforbod og helg med delvis arbeidsforbod.

Minnet om døde: Under sjibá (sørgjeveka) etter dødsfall i familien brenn ein eit minnelys. På kvar årsdag for nære slektningar — òg kalla jahrzeit eller nahalá, tenner ein eit lys for å minnast den døde. Dette er ein opphavleg askenasisk skikk som har spreidd seg til sefardiske og mizrahiske jødar.

Det er vanleg å tenna levande lys i katolske kyrkjer.
Forstørr
Det er vanleg å tenna levande lys i katolske kyrkjer.

[endre] Kristendommen

I kristendommen, særleg katolisismen, tenner ein gjerne lys i samband med bøner, som når ein ber for sjelen til ein avdød. Det er vanleg å ha levande lys brennande under gudstenesta.

I adventstida tenner mange adventslys kvar søndag, eitt lys for kvar adventssøndag fram til julafta. Luciadagen vert òg markert i Sverige og Noreg med levande lys, gjerne i ein krans i håret til jenta som opptrer som den heilage Lucia. Det er òg vanleg å bruka kalenderlys med nummer som ein brenn vekk kvar dag medan ein ventar på julafta.

[endre] Symbolsk bruk

Det levande lyset står ofte som eit symbol mot ulike former for mørke, som vondskap og uvit. Innan sekulær humanisme står det for fornuft.

Mellom anna er logoen til Amnesty International er eit stearinlys kransa inn av piggtråd. Tenning av levande lys er vanleg på humanistiske arrangement.

[endre] Annan bruk

Lys på ei bursdagskake.
Forstørr
Lys på ei bursdagskake.

Levande lys blir brukte til å skapa stemning, til dømes ved eit høgtideleg måltid eller ei bursdagsfeiring, der ei kake gjerne blir pynta med same talet på lys som bursdagsbarnet fyller. Etter kvart som alderen på den som feirer stig, kan ein gå over til å brenna eit lys forma som talet på år dei fyller.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Levande lys
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com