Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Nyttår - Wikipedia

Nyttår

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nyttår eller nyår er feiringa av overgangen mellom to år. Alle kulturar som måler tid i år har ei eller anna form for nyttårsfeiring. Feiringa kan innebera eit oppgjer med det gamle og planar eller gode ønske for det nye. I tillegg held ein gjerne fest med god mat og drikke, og gode ønske for det nye året.

Ein del av nyttårsfeiringa kan òg vera via ettertanken, både når det gjeld kva ein har gjort i det føre året og kva ein kan gjera annleis i det neste. I Noreg er nyttårsforsett eit døme på dette.

Nyttårsfyrverkeri i Oslo.
Forstørr
Nyttårsfyrverkeri i Oslo.

Fyrverkeri og mykje bråk er vanleg under mange ulike nyttårsfeiringer. Ein gammal grunn til dette er at det skremmer vekk vonde ånder og hendingar frå det nye året.

Innhaldsliste

[endre] Vestleg nyttår

Den gregorianske kalenderen blir i dag brukt over heile verda, og feiringa av årsskiftet i denne kalenderen har derfor stor utbreiing. I denne kalenderen tel ein åra etter det omtrentlege året då Jesus blei fødd. Det nye året byrjer den 1. januar, men det har ikkje alltid vore slik.

I gammal europeisk tradisjon var det vanleg å feira årsskiftet i samband med våren, rundt vårjamdøgn i mars månad. Også det romerske året starta den 1. mars. Men romarane valde konsular, som gav namn til åre dei regjerte, i januar, og på grunn av dette blei denne månaden etter kvart rekna som den første i året. Då Julius Cæsar innførte den julianske kalenderen i 45 f. Kr., gjorde han òg den 1. januar til den offisielle byrjinga på året.

I mellomalderen feira ein likevel nyttår til høgst forskjellige tider, gjerne viktige hendingar frå kyrkjeåret.

Nyttår Kvar? Kva tidsrom?
Jul (25. desember) England og Tyskland
Spania
fram til 1200-talet
1300- til 1500-talet
Maria bodskapsdag (25. mars) Mange stader i Europa fram til 1582 og innføringa av den gregorianske kalenderen
England fram til 1752 i offisielle dokument
Påske (Langfredag eller påskelaurdag) Frankrike 1000-talet til 1500-talet
Jesus si omskjering (1. januar) Ulike stader i Europa etter kvart som ein byrja å gå over til 1. januar som nyttårsdag
1. mars Republikken Venezia
Russland
fram til 1797
fram til 1300-talet
1. september Russland 1300-talet til 1753, då den julianske kalenderen blei innført

Sidan 1600-talet har den katolske kyrkja byrja kyrkjeåret den første søndagen i advent.

[endre] Indiske nyttår

Dei ulike indiske folkegruppene har ulike nyttårsfeiringar. Hinduistiske godjaratiar feirer nyttår to dagar etter divali. Teluguar og kannadaer feirer nyttår rundt vårjamdøgn. Tamilar av alle religionar feirer varudapirappu i midten av april. Bengalsk nyttår, nababarsja, kjem midt i den varmaste årstida og inneber mellom anna ei bøn for regn.

Nyttårsfeiringa har òg spreidd seg til land me ikkje kallar indiske, som Thailand, der ein feirer songkran frå 13. til 15. april mellom anna ved å hella vatn over folk.

Bali feirer ein nyepi, ein dag for stille, som følger sakakalenderen og nymånen. Kvelden før dagen lager ein mykje støy, medan dagen etter held alle seg i ro heime.

[endre] Jødisk nyttår

Rosj hasjaná (hebraisk for «årsbyrjing») kjem 163 dagar etter pesah. Ettersom den jødiske kalenderen følgjer måneåret, endrer datoen på feiringa seg frå år til år. Høgtida er til minne om då verda blei til, og inneber eit oppgjer med seg sjølv og å prøva å forbetra seg sjølv føre det neste året.

[endre] Kinesisk nyttår

Raude lanterner er ein vanleg dekorasjon ved den kinesiske nyttårsfeiringa.
Forstørr
Raude lanterner er ein vanleg dekorasjon ved den kinesiske nyttårsfeiringa.

Kinesisk nyttår fell vanlegvis på den andre nymånen etter vintersolkverv, ein gong i tida frå 21. januar til 21. februar. Dei kinesiske åra har ikkje namn, men følgjer to syklusar, ein på tolv dyr og ein på fem element. Når ein dyresyklus er slutt, tek ein ny til, med eit nytt element. Dagen blir feira av kinesarar i Kina og i dei mange utvandrarmiljøa elles i verda, med fyrverkeri, dragedans og pengegåver, som skal bringa lukke.

Fleire andre land, som Korea og Mongolia, feirer nyttår som er avleia av det kinesiske. Vietnamesisk nyttår heiter Têt Nguyen Dan, eller bare Tet, og fell på same dagen som det kinesiske.

Japan følgde tidlegare det same kalendersystemet som Kina, men gjekk over til den gregorianske kalenderen i 1873, då dei òg flytta feiringa til 1. januar. Nyttårsfeiringa, o shogatsu, har likevel fortsatt mange likskapar med den kinesiske.

[endre] Muslimsk nyttår

I den muslimske kalenderen kjem nyttår ved byrjinga av månaden muharram. Kalenderen følgjer måneåret, på rundt 354 dagar, og feiringa tek til så snart ein kan sjå nymånen.

Nyttåret markerer Muhammed si flukt, hidjra, frå Mekka til Medina. Hendinga blir markert, men dagen er ikkje like viktig som i andre kulturar. Særleg for sjiamuslimane er det byrjinga på ei sørgetid, ettersom ein minnest Hussein, barnebarnet til Muhammed, som blei drepen i slaget ved Karbala, då. Denne sørgehøgtida blir òg kalla muharram.

[endre] Persisk nyttår

Navroz (farsi for nyttår) er namnet på nyttårsfeiringa til iranarar av alle religionar, og til bahaiar og parsarar, begge religionar som har opphav i Persia. Navroz kjem ved vårjamdøgn, 20. eller 21. mars. Ulike trusretningar tel år med ulike utgangspunkt.

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com