Tyrkia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Yurtta Sulh, Cihanda Sulh (tyrkisk: Fred heime, fred i verda) | |||||
Offisielle språk | Tyrkisk | ||||
Hovudstad | Ankara | ||||
Styresett |
Republikk Ahmet Necdet Sezer Recep Tayyip Erdogan |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
780 580 km² (37.) 1,3 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (2000) - Tettleik |
69 660 559 (17.) 67 844 000 89/km² (82.) |
||||
Erklæring av republikken |
29. oktober 1923 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
570,748 mrd. USD (18.) 7 958 USD (75.) |
||||
Valuta | Tyrkisk lira | ||||
Tidssone | UTC +2 | ||||
Nasjonalsong | Istiklâl Marsi | ||||
Nasjonaldag | 29. oktober | ||||
Internasjonal telefonkode | +90 | ||||
Nasjonale toppdomene | .tr | ||||
Tyrkia er ein stat i det søraustlege Europa og vest i Asia. Det grenser til Bulgaria og Hellas i vest, Georgia, Armenia og Aserbajdsjan i nordaust, Iran i aust, og Irak og Syria i sør.
Dagens sekulære demokratiske republikk blei til i 1923, og byggjer på det tidlegare ottomanske riket. Landet ligg i eit møtepunkt mellom fleire kulturar, og har historisk blitt påverka både frå Europa (til dømes gjennom det gamle Hellas) og Asia (gjennom Persia). Landet var òg ein del av Silkevegen.
Det offisielle språket er tyrkisk, og landet har i lang tid undertrykt minoritetsspråket kurdisk. Innbyggjarane i landet er stort sett muslimar, og det finst sterke spenningar mellom det sekulære styret og islamistar.
Hæren har mykje makt i Tyrkia, og militære offiserar har ved to høve (i 1960 og 1980) starta kupp mot styresmaktene. Dette har samanheng med den sterke posisjonen som Atatürk enno har i tyrkisk kultur.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Anatoliahalvøya utgjer størsteparten (97%) av det tyrkiske landområdet, og ligg mellom Svartehavet i nord og Middelhavet i sør og vest, med Egearhavet og Marmarasjøen imellom. 3% av landområdet ligg vest for Bosporos, i søraustre Europa.
[endre] Klima
Tyrkia har eit ganske så variert klima, frå bitande kulde til steikande varme. Det kuperte terrenget langs kysten i vest og i sør har middelhavsklima, og her kjem det så godt som ingen nedbør frå juni til september, medan det kan bli nokså vått om vinteren. På kysten frå Izmir via Antalya til Adana er den normale maksimumstemperaturen 32ºC, medan den om vinteren er omlag 12ºC. Izmir har ein årleg nedbørsnormal på 652 mm, der berre 20 mm kjem frå juni til august.
Anatolia, som utgjer den asiatiske delen av Tyrkia, er ikkje så mykje varmare enn Bulgaria og Ungarn i nord, men det er mykje meir sol her. Torevêr har ein som oftast seint på våren. Frå juli av kjem det omlag ingen nedbør før i oktober, og om vinteren kan det kome lett snøfall. Sidan Antaolia er så pass tørr har ein ofte store temperatursvingingar her. Berre i august har Ankara hatt temperaturar på både 4ºC og over 40ºC. Ankara har ein normal årsnedbør 346 mm.
Låglandet som grensar mot Syria og Irak er litt varmare enn resten av Anatolia, og temperaturane midtsomars kjem ofte over 38-40ºC i Diyarbakir ved den øvre delen av Tigris.
Fjellområdet i den nordaustlege delen av Tyrkia, der fleire av byane ligg over 1500 m over havet, er ofte svært kalde om vinteren. Både Kars og Erzurum ligg godt under 0ºC i januar. Vêret skiftar derimot mellom sol og snø, og snødekket aukar jamt og trutt gjennom vinteren. Etter torebygene har gjeve seg om våren, får det nordaustlege området behagelege temperaturar på dagtid, med kjølege netter. Kars har ein årleg nedbørsnormal på 521 mm.
Langs Svartehavet, inkludert Bosporsos og Istanbul, finn ein eit litt anna klima igjen. Dette er Tyrkia sitt mest skya og tempererte område. Kalde luftmassar frå Europa og Asia tar til seg fukt og varme frå Svartehavet, så vintrane her er kjølege med ein del regn. Enkelte veker kan nedbøren falle som snø, men temperaturane vert sjeldan så låge som i innlandet. Sommaren inneheld berre enkelte regnbyger, og dagane her er berre litt varmare enn dei milde og fuktige nettene. Regnet om hausten startar som regel litt tidlegare på hausten når ein flyttar seg til den austlege enden av Svartehavskysten. Samsun har ein normal årsnedbør på 739 mm, medan Istanbul har 816 mm.
[endre] Økonomi
Næringslivet i Tyrkia er ei innvikla blanding av moderne handel og industri og ein tradisjonell jordbrukssektor, som i 2001 framleis sysselsette 40% av arbeidstakarane. Landet har ein sterk privat sektor i vekst, men staten speler òg ein viktig rolle i grunnleggjande industriar, kommunikasjonar og bankvesen.
Utrekningar har estimert av halvparten av folket lever under det internasjonale fattigdomsnivået, særleg i dei krigsherja kurdiske områda i søraust.
[endre] Utanrikspolitikk
Sidan slutten av 1800-talet har Tyrkia særleg orientert seg mot vest. På eit toppmøte i EU i desember 2004 blei det opna for forhandlingar med sikte på medlemskap for Tyrkia. EU krev mellom anna at Tyrkia utviklar demokratiet og at ein finn fram til ei løysing på problemet med Kypros, der det i dag finst éin internasjonalt anerkjend stat (den «greske» delen av øya), som Tyrkia nektar å anerkjenna som sjølvstendig stat, og éin tyrkisk del, kalla Nord-Kypros, som ingen andre nasjonar enn Tyrkia anerkjenner som ein eigen stat.
[endre] Tyrkia i dag
Etter at AKP (Adalet ve Kalkinma Partisi-Rettferd og Velferdspartiet) kom til regjeringsmakta i 2003 har landet hatt ein økonomisk vekst utanom det vanlege. Inflasjonen har gått bakover, og AKP, kjend for å ha muslimske røter, har ført landet nærmare EU. EU-forhandlingane har formelt starta i 2005, men det er ennå ikkje kjent om Tyrkia kjem til å bli medlem. Mange i EU er skeptiske til Tyrkia, mellom anna fordi landet har ein bakgrunn som inneheld systematiske brot på menneskerettane (sjå Utanrikspolitikk).
[endre] Bakgrunnsstoff
Vest-Asia |
Afghanistan | Armenia | Bahrain | Georgia | Irak | Iran | Israel | Jordan | Kuwait | Kypros | |