Middelhavet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Middelhavet er eit innhav mellom Europa og Afrika, med Vest-Asia i aust og Atlanterhavet i vest. Landa som ligg rundt Middelhavet har hatt mykje å gjera med kvarandre gjennom historien, og me kallar dei gjerne middelhavslanda.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Havet er knytt til Atlanterhavet gjennom Gibraltarsundet, til Svartehavet gjennom Bosporos, og til Raudehavet gjennom Suezkanalen. Fordi det har svært tronge sambindingar med dei store verdshava er det små tidevassforskjellar i Middelhavet, og havet er relativt roleg.
Middelhavet har ei flatevidd på 2.965.000 km² og ei gjennomsnittleg djupne på 1.430 meter. Den største djupna er 4.405 meter. Delar av havet har fått namna Adriaterhavet, Det tyrrhenske havet og Egeerhavet.
[endre] Klima
- Sjå òg Middelhavsklima
Områda rundt heile havet har våte vintrar og varme, tørre somrar. Særskilde avlingar ein kan dyrka i heile middelhavsregionen er oliven, druer, appelsiner og andre sitrusfrukter, og kork.
[endre] Namngjeving
Middelhavet har fått namnet sitt fordi det ligg midt mellom to land. På andre språk er dette endå tydelegare; fransk Mediterranée tyder sjøen mellom landa. Av romerane blei han gjerne kalla Mare nostrum, havet vårt.
[endre] Middelhavsland
- I nord: Spania, Frankrike, Monaco, Italia, Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Serbia-Montenegro, Albania, Hellas og Tyrkia
- I aust: Syria, Libanon og Israel
- I sør: Egypt, Libya, Tunisia, Algerie og Marokko