Qatar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Ingen | |||||
Offisielle språk | Arabisk | ||||
Hovudstad | Doha | ||||
Styresett |
Monarki Hamad bin Khalifa Al Thani Abdallah bin Khalifah Al Thani |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
11 437 km² (163.) 0 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
863 051 (154.) — 75/km² (94.) |
||||
Sjølvstende frå Storbritannia |
3. september 1971 | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
23 584 mill. USD (104.) 29 607 USD (19.) |
||||
Valuta | Qatarsk riyal | ||||
Tidssone | UTC +3 | ||||
Nasjonalsong | As Salam al Amiri | ||||
Nasjonaldag | 3. september | ||||
Internasjonal telefonkode | +974 | ||||
Nasjonale toppdomene | .qa | ||||
Qatar er eit emirat som består av ei halvøy som ligg i den persiske bukta på nordkysten av den arabiske halvøya. Landet grensar i til Saudi-Arabia i sør og har også maritim grense mot Bahrain.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Det som idag er Qatar var persisk i fleire tusen år før det vart ein del av Det osmanske riket. I samband med fyrste verdskrigen vart det eit britisk protektorat. Landet vart sjølvstendig 3. september 1971 og valde å ikkje inngå i Dei sameinte arabiske emirata som dei andre emirata i området (med unnatak av Bahrain) som fekk sjølvstendet samtidig.
[endre] Geografi
Qatar består av ei 160 km lang halvøy samt nokre mindre øyar rundt omkring denne. Hawarøyane rett vest for halvøya tilhøyrer likevel Bahrain.
[endre] Klima
Persiabukta er det varmaste havvatnet i verda, og Qatar har dermed svært høg luftfukt, som i samband med høge temperaturar fører til svært trykkande varme om sommaren. I tillegg kjem det ikkje nedbør mellom mai og september, medan ein kan ha enkelte regnbyger resten av året. Vinteren er mild eller varm, og vêret er stort sett solrikt og behagleg. Qatar får om lag 100 mm nedbør i løpet av eit år.
[endre] Politikk
Landet styres av ein emir, som fungerer som eineveldig monark. Politiske partier er forbodne[1].
[endre] Kjelde
- ↑ [– Hydros miljøimperialisme, Ottar Fyllingsnes, Dag Og Tid, 25. februar 2006
Vest-Asia |
Afghanistan | Armenia | Bahrain | Georgia | Irak | Iran | Israel | Jordan | Kuwait | Kypros | |