Saudi-Arabia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Arabisk: لا إله إلا الله محمد رسول الله Transliterasjon: lā ilāhā illā-llāhu; muhammadu-r-rasūlu-llāhi) Omsetjing: «Det finst ingen annan gud enn Allah, og Muhammad er bodberaren åt Allah.» |
|||||
Offisielle språk | Arabisk | ||||
Hovudstad | Riyadh | ||||
Styresett Kong
Kronprins |
Monarki Abdullah bin Abdulaziz Sultan bin Abdul Aziz |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
2 218 000 km² (13.) 0 % |
||||
Folketal - Estimert (2006) - Folketeljing (—) - Tettleik |
(46.) — 13/km² (169.) |
||||
Samla |
23. september 1932 | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
$340,5 milliardar USD (46.) 12 900 USD (46.) |
||||
Valuta | Saudiarabisk riyal | ||||
Tidssone | UTC +3 | ||||
Nasjonalsong | «Aash Al Maleek» | ||||
Nasjonaldag | 23. september | ||||
Internasjonal telefonkode | +966 | ||||
Nasjonale toppdomene | .sa | ||||
Saudi-Arabia er eit land som dekker størsteparten av den arabiske halvøya i Vest-Asia, eller området kalla Midtausten. Landet har kyst mot Raudehavet og Persiabukta, og grenser til Qatar, Bahrain, Dei sameinte arabiske emirata, Oman, Jemen, Jordan, Irak og Kuwait.
Hovudstaden er Riyadh.
[endre] Historie
Området som i dag omlag utgjer Saudi-Arabia vart samla på midten av 1700-talet av Muhammad bin Saud (som gav opphav til det noverande Al-Saud dynastiet). I lag med den kjende islamreformatoren Muhammad Abd Al-Wahhab (som i Wahabbisme) danna dei grunnlaget til det moderne Saudi-Arabia. I tida fram til 1900-talet var det mange fram og tilbakegangar for Al-Saudfamilien, som stadig låg i konflikt med andre arabiske dynasti (som Rashidi), Egypt, Det osmanske riket og andre regionale maktar. Abdul Aziz Ibn Saud si erobring av Riyadh i 1902 vart starten på konsolideringa av det moderne Saudi-Arabia. I 1926 vart han konge over Hijaz, og etter Jeddatraktaten i 1927 vart riket hans sitt sjølvstende godteke av Storbritannia under namnet kongedømet av Hijaz og Nejd. Ikkje før i 1932 vart desse regionane og resten av halvøya sameina til kongeriket Saudi-Arabia.
[endre] Religiøs Fridom
Alle former for synleg utøving av andre religionar enn Islam er forbode. Shia-minoriteten som for det meste bur langs grensa til Irak og langs Persiabukta har til dels vanskelege tilhøve for utøving av religionen sin.
[endre] Klima
Eit av verdas største ørkenområde utgjer store delar av Saudi-Arabia, og klimaet er deretter, tørt og varmt — i det minste mellom mai og oktober. Arabia stig brått oppover i vest, og heller sakte austover mot Persiabukta. På vestsida, langs kysten av Raudehavet, finn ein byar som Mekka og Jidda. Dette området har trykkande varme om sommaren med høg relativ fukt. I dei sørvestlegaste områda, nær Jemen, kan enkelte torebyger gje korte avbrekk frå den trykkande varmen.
Rub al-Khali, «den tomme fjerdedelen» på arabisk, er svært varm, men slepp unna den sørlege shamalvinden, som fører fuktig luft inn over den sørlege kysten av Arabia. Om sommaren er dette eit av dei få områda i verda der temperaturar opp mot 50 ºC ikkje er uvanleg.
Når vinteren set inn kan enkelte lågtrykk passere over dei nordlege områda av landet. Desse kan føre med seg både kraftig vind og av og til torevêr, særleg når det nærmar seg vår. Områda rundt Persiabukta har temperaturar rundt 25 ºC i vintermånadane. Ørkenområda er litt varmare, men i samband med passerande kaldfrontar kan temperaturen nærme seg 0 ºC. Kysten av Raudehavet held seg derimot varm og fuktig året rundt.
Vest-Asia |
Afghanistan | Armenia | Bahrain | Georgia | Irak | Iran | Israel | Jordan | Kuwait | Kypros | |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |