Rumensk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rumensk er eit språk på den romanske greina av dei indoeuropeiske språka. Der tilhøyrer det undergruppa austromanske språk, som ikkje har fleirtals-s.
Rumensk blir tala som morsmål av omlag 30 millionar menneske. Dei fleste av desse bur i Romania og Republikken Moldavia. Det moldaviske språket, som er offisielt språk i Republikken Moldavia, er svært likt rumensk, og kan sjåast som same språket. I den språkblanda provinsen Vojvodina i Serbia er rumensk offisielt språk saman med mellom andre serbokroatisk, ungarsk og slovakisk. Rumensk er morsmål til omlag 30 000 menneske der. Mindre språk nærskylde med rumensk blir elles tala i fleire land på Balkan.
Rumensk har tatt opp i seg mange element frå dei ikkje-rumenske grannespråka. Det mest nærskylde av større språk er italiensk. Folk med rumensk som morsmål kan for det meste skjøne enkel italiensk, medan det er sjeldnare andre vegen, da rumensk har tatt opp omlag 10 prosent slaviske ord. Attåt skil rumensk tale seg frå italiensk, da rumensk har lydar som opphavleg kjem frå slaviske språk.
Rumensk rettskriving orienterer seg like sterkt som den italienske etter den faktiske uttalen, ho har nokre særlege teikn for å kjennemerke dei lydane som kjem frå slaviske språk, og desse er ukjende for italiensk. Fram til 1800-talet skreiv dei rumensk med kyrillisk skrift, men idag blir språket skrive med latinske bokstavar med nokre særlege teikn.