Indoeuropeiske språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Indoeuropeiske språk er ein språkfamilie som består av 10 ulike språkgreiner, til saman ca. 443 språk (etter SIL), og som tradisjonelt har vorte snakka i eit område frå India (tidlegare også Kina til Europa). Etter den europeiske koloniseringa frå 1500-talet og framover blir indoeuropeiske språk snakka i alle verdsdelar, av meir enn 2,5 milliardar morsmålstalarar.
Innhaldsliste |
[endre] Intern inndeling av indoeuropeiske språk
Dei indoeuropeiske språka blir delt inn i 10 ulike språkgreiner, i tillegg til ein del utdøydde indoeuropeiske språk som vi har relativt lite kunnskap om. Forsøka på å gruppere desse ti underfamiliane inn i større grupper har ikkje ført fram, kanskje med unntak av samlefamilien slavisk-baltisk.
Jf. Liste over indoeuropeiske språk
[endre] Språklege karakteristika
Karakteristiske drag ved dei indoeuropeiske språka:
- Den viktigaste morfologiske prosessen er suffiksering, men ein sentral del av verba blir bøygd med avlyd.
- Dei indoeuropeiske språka deler substantiva inn i genusklasser, dei mest konservative språka i maskulinum, femininum og nøytrum, i dei fleste indoeuropeiske språkgreinene er det ein tendens til at nøytrum forsvinn.
- Indoeuropeiske språk har kasus, helst grammatiske kasus.
- Indoeuropeiske språk er ikkje tonespråk, med unntak av ein del tonelagsspråk.
[endre] Forskingshistorikk
[endre] Mogleg slektskap med andre språk
Det har vorte gjort mange forsøk på å vise at dei indoeuropeiske språka er i slekt med andre språk, men ingen av desse framlegga har vorte allment aksepterte.
[endre] Litteratur
- Robert S.P. Beekes: Comparative Indo-European Linguistics. An Introduction. Benjamins, Amsterdam 1995, ISBN 1-55619-505-2
- Delbrück, Bertold 1919 Einleitung in das Studium der indogermanischen Sprachen. Ein Beitrag zur Geschichte und Methodik der vergleichenden Sprachforschung. (=Bibliothek indogermanischer Grammatiken, IV). 6. Aufl. Leipzig: Breitkopf & Härtel. - Beste Darstellung der Wissenschaftsgeschichte mit allen Details im frühen 19. Jh.
- Marija Gimbutas: The Kurgan Culture and the Indo-Europeanization of Europe. Selected Articles Form 1952 to 1993. Institute for the Study of Man, Washington 1997, ISBN 0-941694-56-9
- James P. Mallory, D. Q. Adams (Hrsg.): Encyclopedia of Indo-European Culture. Fitzroy Dearborn, London 1997, ISBN 1-884964-98-2
- Michael Meier-Brügger: Indogermanische Sprachwissenschaft. 8. Auflage. Walter de Gruyter, Berlin 2002, ISBN 3-11-017243-8 (Ursprünglich von Hans Krahe. Gegenwärtig die umfassendste Darstellung, mit vorzüglicher Bibliographie zu sämtlichen Einzelthemen.)
- Colin Renfrew: Archaeology and Language. The Puzzle of Indo-European Origins. University Press, Cambridge 1995, ISBN 0-521-38675-6
- August Schleicher: Compendium der vergleichenden Grammatik der indogermanischen Sprachen. Böhlau, Weimar 1861/62, Nachdruck: Olms, Hildesheim 1974, ISBN 3-487-05382-9
- Szemerényi, Oswald: Einführung in die vergleichende Sprachwissenschaft. wb Wissenschaftliche Buchgesellschaft Darmstadt, 1989. ISSN 0724-5009, ISBN 3-534-04216-6.
[endre] Lenkjer ut