Warszawa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Warszawa (på tysk språk Warschau, på engelsk språk Warsaw) er hovudstaden i Polen og den største byen i landet. Byen ligg ved Visla-elva, om lag 350 km sør for Østersjøen og like langt nord for Karpatane. Byen har 2 269 000 innbyggjarar (2003).
Byen, som òg er hovudstaden av den administrative regionen Masovia voivodskap, er heimstad for mange industriselskap innan mellom anna stål, bilindustri o.s.b., høgare utdannning (Universitet i Warszawa) og eit filharmonisk orkester, nasjonalteateret og opera.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Før 1200-talet var Warszawa ikkje noko meir enn ein fiskarlandsby. Byen vert nemnd fyrste gong i 1241, og fekk byrettar (Magdeburg-rettar) i 1334. Byen vart sete for hertugen av Masovia, og i 1596 vart byen hovudstad for det svenske Vasa-dynastiet som herska over Polen-Litauen. Byen har gjennom historia vore okkupert av mange naboland, mellom anna Sverige, Tyskland og Russland.
Under den andre verdskrigen var det mellom anna eit opprør, Warszawa-opprøret i 1944. Opprøret vara i 63 dagar, der den polske undergrunnshæren kjempa for å gjera hovudstaden fri frå dei tyske okkupantane. Etter massiv gjengjelding frå tyskarane og deira allierte styrkar, mista over 200.000 menneske livet. Etterpå vart byen systematisk øydelagd. Dei attlevande polakkane vart sett i tyske leirar fram til den raude arméen frigjorde byen. Delar av gamlebyen vart etter krigen gjenoppbygd som ein kopi av den øydelagde byen. Kulturpalasset i Warszawa er eit døme på stalinistisk arkitektur.
[endre] Kjende personar frå Warszawa
- Mordechaj Anielewicz (1919?- 1943), ein av leiarane av oppreisten i Warzawaghettoen i 1943.
- Eugeniusz Bodo (1899-1943?), songar og skodespelar
- Zbigniew Brzeziński (1928), politisk rådgjevar for USA sin president Jimmy Carter
- Fryderyk Chopin (1810-1849), komponist og pianist
- Maria Curie-Skłodowska|Maria Curie-Skłodowska (1867-1934), kjemikar, fysikar, to gonger nobelprisvinnar
- Lucyna Ćwierczakiewiczowa (1829-1901), forfattar (dei første polske kokebøker)
- Witold Gombrowicz (1904-1969), forfattar og dramatikar
- Agnieszka Holland (født 1948), filmregissør
- Jacek Kaczmarski (1957-2004), diktar og forfattar
- Lech Kaczyński (1949), politikar
- Ryszard Kapuściński (1932), forfattar og journalist
- Krzysztof Kieślowski (1941-1996), filmregissør
- Ryszard Kukliński (1930-2004), CIA-spion under den kalde krigen
- Witold Lutosławski (1913-1994), komponist
- Adam Michnik (født 1946), redakør for avisa Gazeta Wyborcza
- Władysław Reymont (1867-1925), forfattar, nobelprisvinnar
- Wacław Sierpiński (1882-1969), matematikar
- Antoni Słonimski (1895-1976), diktar
- Stefan Starzyński (1893-1943), president for Warszawa 1934-1939, drepen i tysk konsentrasjonsleir i Dachau
- Władysław Szpilman (1911-2000), komponist
- Stanisław Ignacy Witkiewicz (Witkacy) (1885-1939), forfattar og kunstmålar
[endre] Sjå òg
- Warszawapakta, ei forsvarspakt for kommunistlanda i den kalde krigen