Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Ramn - Wikipedia

Ramn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ramn

Systematikk
Rike: Animalia
Rekke: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Corvidæ
Slekt: Corvus
Art: C. corax
Vitskapleg namn
Corvus corax
Linné, 1758

Ramn (Corvus corax) er ein stor svart fugl i kråkefamilien.

Teikna av Elise Øygard.
Forstørr
Teikna av Elise Øygard.

Innhaldsliste

[endre] Utsjånad og atferd

Ramnen er den største av kråkefuglane våre. Lengda er 64 cm og vekta kan bli opp til 800–1500 gram. Ramnen er vakker med dei svartglinsande fjøra sine. Nebbet er stort og kraftig og stjerten er lang og avrunda. Vengene er slanke. Ramnen er ein meister til å fly. Han kan til og med mobbe ørnar i lufta, utan å «tape», men på bakken må han ofte overlate kadaveret til kongeørn og havørn. Ramnen er redd for menneske. Ramnen og andre kråkefuglar blir rekna som dei klokaste fuglane. Dei er flinke til å lære og tilpasse seg nye omgjevnader

[endre] Mat

Ramnen et for det meste døde dyr. Ofte samlast det mange ramnar (og kråker) på eit kadaver og eter det heilt reint. Når ramnen er svolten, et han nesten alt som går an å ete. Han kan også plyndre reira til andre fuglar. Om vinteren finn vi han ofte på søppelplassar.

[endre] Tilhaldsstad

Utbreiing.
Forstørr
Utbreiing.

Ramner kan leva i ulike område, frå Arktis i nord til ørken og stillehavsøyar i sør. Dei fleste fuglane føretrekk skogsområde med ope land i nærleiken, eller å halda til ved kysten. I Noreg finn vi ramnen over heile landet. Han var mykje vanlegare før. Vi finn han ved kysten, på fjellet og i skogen.

[endre] Hekking

Alt i februar begynner ramneparet å stelle på reiret som nesten alltid ligg på ei fjellhylle. Det er svært sjeldan at ramnen byggjer reir i eit tre. Under paringa utfører dei mange akrobatiske «øvingar» i lufta. Skaparevnet held saman året rundt heile livet. Både hannen og hoa samlar saman kvistar, greiner, mose, jord og gras til reiret. Reiret fôrast ofte med hår frå kadaveret. Reiret blir brukt år etter år. Ofte byggjer ramnen på reiret slik at det kan bli ganske stort til slutt. Hoa er aleine om ruginga, men då er hannen påpasseleg med å gi hoa mat. Han fôrar også hoa og ungane ei lita periode. Ramnen legg fire til seks egg. Rugetida er 20–21 dagar. Ungane forlet reiret etter 35–40 dagar.

[endre] Ramnen i kulturen

Færøysk frimerke frå 1995 med ein ramn, teikna av Astrid Andreasen
Forstørr
Færøysk frimerke frå 1995 med ein ramn, teikna av Astrid Andreasen

Ramnen er ein myteomspunnen fugl, som mellom anna er blitt rekna som verdas skapar i nokre nordamerikanske mytologiar. I tillegg til å ha rykte på seg for å vera klok er fuglen óg blitt tillagd overnaturlege eigenskaper. Ramnen skulle mellom anna kunne varsle ulukke, som krig og død. På norrønt blei ordet ramn ofte brukt i kenningar om strid og blodbad.

[endre] Norrøn tid

Ramner var viktige i norrøn tid, frå fugleparet Hugin og Munin som tente Odin i den norrøne gudetrua, til Ragnar Lodbrok og Harald Hardråde, som brukte fuglane som symbol på fanene sine. Vikingane måla óg ramner på segla sine. Også den keltiske gudinna Morrigan er forbunden med ramner.

[endre] Bibelen

Ramner blir nemnde som ureine fuglar to stader i det gamle testamentet. Dei har likevel vore til hjelp for viktige personar i Bibelen. Noa slepte ut ei ramn frå arken sin for å speida etter land, og profeten Elias blei gjeven mat av ramnene etter orde frå Gud.

[endre] Ramnene i Tower

Ei nyare legende om ramner seier at England vil bestå så lenge desse fuglane held til i Tower i London. I dag tek ein vare på fleire slike vingestekka fuglar der. Sjølv om legenda kan høyrast gammal ut, har nyare forsking vist at ho truleg blei funnen på under Viktoriatida, og tårnet har vore ramnelaust fleire gonger gjennom historien, utan at England fall. Siste gong ein måtte reintrodusera fuglar dit var under andre verdskrigen.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Ramn

[endre] Kjelder

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com