Biologisk familie
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Familie viser i biologien til ei eining sett saman av ei eller fleire biologiske slekter. Ein familie kan òg delast inn vidare i underfamiliar og stammar. Overordna vil ein eller fleire familiar tilhøyra ein orden.
Som i andre kategoriar (bortsett frå arten) er det eit skjønnsspørsmål kva gruppe ein vel å kalla familie. Dagens systematikk er derfor meir oppteken av slektskap mellom organismar eller stamtre enn av kategoriar.
Tabellen under viser tilknyttinga mellom biologiske familiar og dei næraste inndelingane, i tillegg til dei ulike suffiksa ein vil finna i kvart familienamn.
Inndeling | Plantar | Alger | Soppar | Dyr |
---|---|---|---|---|
Overfamilie |
-acea |
-acea |
-acea |
-oidea |
Familie |
-aceæ |
-aceæ |
-aceæ |
-idæ |
Underfamilie |
-oideæ |
-oideæ |
-oideæ |
-inæ |
Stamme (Tribus) |
-eæ |
-eæ |
-eæ |
-ini |
Understamme |
-inæ |
-inæ |
-inæ |
-ina |
- ('æ' blir ofte òg skrive 'ae')