Bosnia-Hercegovina
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Ukjent | |||||
Offisielle språk | Bosnisk, Serbisk og Kroatisk | ||||
Hovudstad | Sarajevo | ||||
Styresett President
Formann i ministerrådet |
Republikk Haris Silajdžić Adnan Terzić |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
51 129 km² (128.) Ubetydeleg % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
4 025 476 (120.) — 79/km² (90.) |
||||
Sjølvstende |
5. april 1992 | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
22,840 mrd. USD (105.) 5 827 USD (96.) |
||||
Valuta | Konvertibel mark | ||||
Tidssone | UTC +1 | ||||
Nasjonalsong | Intermeco | ||||
Nasjonaldag | 25. november | ||||
Internasjonal telefonkode | +387 | ||||
Nasjonale toppdomene | .ba | ||||
Bosnia-Hercegovina er eit land sør i Europa. Det grensar til Kroatia i nord, vest og sør, til Serbia og Montenegro i aust, og har ei kort kystlinje til Adriaterhavet.
Innhaldsliste |
[endre] Landskap
Landet består mykje av fjell og dalar. I sør-vest ligg dei dinarske alpane. Der er det mykje karstfjell og mange underjordiske elvar. Landet har ei 20 kilometer lang kystlinje utan hamner. Langs elva Sava er det fruktbart sletteområde. Andre elvar er Una, Vrbas, Bosna og Drina. Det er ofte jordskjelv i Bosnia-Hercegovina.
[endre] Klima
Dei vestlege områda av Balkan er eit døme på at klimaet kan vere svært skiftande innafor same området, og vêrforholda kan endre seg mykje på eit kort stykke frå kysten til næraste fjelltopp, eller frå dal til dal. Dei dinariske alpane går langs kysten av Adriaterhavet og nordover langs grensa mellom Kroatia og Bosnia-Hercegovina. Lågtrykk i Middelhavet pøser mild og fuktig luft inn mot denne fjellrekkja om vinteren, og vestsida har eit av dei våtaste områda av Europa. Enkelte stader langs vestsida av Dei dinariske alpane kan få 4000 mm om i løpet av eit år, medan kystbyane berre får om lag 1000 mm. Området har derimot fleire periodar med finvêr innimellom ein Vestlandet i Noreg har. Den kalde boravinden kan derimot gje ein god del vind i området. Det byrjar å bli varmare på kysten om våren, men det vert ikkje særleg tørrare før i juni. Midtsomars er det stort sett berre sol, og dei indre områda kan få svært høge temperaturar. Mostar, nær Neretvaelva, er ein av dei varmaste byane i Europa. Ein lett nordleg bris (kalla maestro) kjøler derimot ned kystområda. Ein har torevêr om lag ein gong i veka fram til oktober, då regnet byjar å ta seg kraftig opp att. Sarajevo har ein årleg nedbørsnormal på 932 mm.
Dei lågareliggande områda i nord har eit klima som er meir likt Sentral-Europa. Nedbørsmengdene minkar mot aust, og vinteren er skya, sjølv i dei tørraste områda. Vind frå sør kan strøyme nordover, og fønvind kan gje temperaturar over 10ºC, eller kald luft (kalla kosavavind) frå Karpatane kan strøyme sørover. Fjella i vest vernar desse områda frå den kjølegare havlufta, så temperaturane om sommaren kan bli svært høge.
[endre] Næringar og ressursar
[endre] Jordbruk
Dette er hovudnæringa i Bosnia-Hercegovina. Bøndane dyrkar kveite, mais, frukt, grønsakar, vindruar og tobakk. Storfe og sauehald er også svært viktig.
[endre] Industri
Bosnia har mykje militærindustri, men også stålindustri, forsvarsindustri, og industri som lagar reidskapar.
[endre] Ressursar
Brunkol, jernmalm, bly, sink, mangan og bauxitt er vanlige ressursar.
Aust-Europa |
Albania | Armenia | Aserbajdsjan | Bosnia-Hercegovina | Bulgaria | Estland | |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |