Veneto
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: | |||||
Offisielle språk | Italiensk språk | ||||
Hovudstad | Venezia | ||||
Styresett Regionspresident
|
Giancarlo Galan (Forza Italia) |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
18 264 km² |
||||
Folketal (2004) - Tettleik |
4 699 950 258 |
||||
Status | Region i Italia | ||||
Del av kongeriket Italia | 1867 | ||||
Valuta | Euro | ||||
Tidssone | UTC+1 | ||||
Nasjonalsong | ' | ||||
Nasjonaldag | 25. april | ||||
Internasjonal telefonkode | +39 | ||||
Nasjonale toppdomene | .it | ||||
Veneto er ein region nordaust i Italia. Regionen vert utgjort av Belluno, Padova, Rovigo, Treviso, Venezia, Verona og Provinsen Vicenza. Regionen grensar i nordaust til Friuli-Venezia Giulia, i nordvest til Trentino-Sørtirol, i vest til Lombardia og i sør til Emilia-Romagna. Hovudstaden er byen Venezia. Andre viktige byar i regionen er Verona, Vicenza, Padova, Treviso, Belluno og Rovigo.
Historisk tilhøyrde området Republikken Venezia, og utgjorde terra firma i republikken. I 1797 kom størstedelen av området under Austerrike, og i 1867 vart det ein del av det nylig grunnlagde Kongeriket Italia.
Mange hugsar det lange sjølvstendet og Venezias sin stolte tradisjon, og det er folk som arbeider for større sjølvstende for regionen.
Den regionale økonomien, som før var fullstendig grunna på landbruk, er no i høg grad orientert mot høgteknologisk industri og mote (med til dømes varemerket Benetton).
[endre] Lenkjer ut
|
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |