Landbruk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Landbruk eller jordbruk er omgrep som omfattar ei rekkje næringsgreiner der dyrking av jord er grunnleggjande for produksjonen. Agrikultur er eit omgrep på fleire språk for det same. Det har latinsk opphav, og tyder «jorddyrking».
Landbruk er i all hovudsak å produsera mat, fôr, næring og fiber ved å dyrka visse planter. I tillegg gjeld det oppdrett av husdyr. Hagebruk, skogbruk og meieribruk er greiner av landbruk.
Ein person som driv landbruk kan verta kalla «landbrukar», «jordbrukar» eller «bonde». Ved mindre driftseiningar blir den som driv garden gjerne kalla «småbrukar».
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |