Industri
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Industri er ei form for økonomisk verksemd som er kjenneteikna av at
- Råvarer vert omskapte til ferdige produkt.
- Produksjonen går føre seg i stor skala og ved hjelp av maskiner og kraft utanfrå.
- Store førehandsinvesteringar er naudsynt om det skal verte utbytte av det.
Industrien er den andre sektoren i ei oppdeling av heile det økonomiske livet i tre sektorar: Primærnæringane er råstoffutvinning, gruvedrift, landbruk og fiske. Sekundærnæringane er industriverksemd og tertiærnæringane er handel, service og transport.
Det finst ulike typar industri, så som råvareindustri, tekstilindustri, bilindustri osb.
I vidare nemning er industri all slags næringsliv - som til dømes underhaldningsindustri eller filmindustri.
Dei mest vellukka verksemdene innanfor ei industrigrein har det med å vera anten dei selskapa som vart starta med ein stor innsatskapital, eller tidlege inovatørar som var fyrst ute med å få ein ny teknologi ut på marknaden.
Industrien vart eit hovudområde i næringslivet i Europa og Nord-Amerika under den industrielle revolusjonen. Gjennom ei rask utvikling av nye teknologiar, så som mekaniske vevstolar og dampmaskiner, vart dei gamle føydale og merkantile økonomiane kasta om.
I Noreg har det vore foredla trevirke i sagbruk i fleire hundreår, men dette vert ikkje rekna som eigentleg industri. Den norske industrialiseringa tok til så smått i 1815, heldt fram på 1840-talet, med etableringa av spinneri og veveri som nytta mekanisk kraftoverføring frå elver og fossefall, men skaut fart for alvor først etter hundreårsskiftet, basert på hydroelektrisk energi.