Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
By - Wikipedia

By

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Byen Mardin i Tyrkia.
Forstørr
Byen Mardin i Tyrkia.
Lys, bilvegar og høghus i Los Angeles.
Forstørr
Lys, bilvegar og høghus i Los Angeles.

Ein by er ein stad med stor og tett folkesetnad, åstad for mykje handel og underhaldning, og gjerne administrasjonssenter for området rundt. Noko industri føregår i byar, medan jordbruk sjeldan har ein plass der. Byar skil seg frå mindre tettstader og landsbyar ved at det bur meir folk der, men grensa er uklår, og som regel vil ein statleg definisjon avgjera kva som er ein by.

Innhaldsliste

[endre] Bystatus

I Noreg kunne alle kommunar som ville kalla seg eller ein tettstad i kommunen by frå 1. januar 1996. Seinare på året blei det sett ei grense på at byområdet måtte ha minst 5000 innbyggjarar. Det finst nå nær 90 byar i landet (2004, [1]).

[endre] Geografi

Utsjånaden til ein by er prega av dei mange menneska som bur og arbeider der. Landskapet er dominert av store hus, medan det finst fleire vegar, parkar og plassar enn tomme område. Ofte er innsjøar og elver dei einaste uregulerte stadene i ein by.

[endre] Plassering

Til gjengjeld ligg svært mange byar ved ei elv eller ein kyst, ettersom vassvegar alltid har vore viktige for transport av varer. Byane vaks opp som handelssenter der ein tok imot og vidaresende varer. I dag er vegnettverk, jarnbanelinjer og flyplassar viktige transportmåtar som hjelp ein by til å veksa.

Tyske Dorsten innanfor ein bymur, med dyrka mark rundt.
Forstørr
Tyske Dorsten innanfor ein bymur, med dyrka mark rundt.

Ein annan funksjon byar har hatt, er å verna innbyggjarane sine. Eldre byar blei til innanfor bymurar, gjerne med soldatar på vakt og portar som blei stengde om kvelden. Ofte måtte ein ha borgarbrev eller tena for ein borgar for å kunna bu i byen.

[endre] Oppbygging

Baltimore i Maryland var ein planlagd by.
Forstørr
Baltimore i Maryland var ein planlagd by.

I gamle bydelar finn ein som regel smale gater og smug som er blitt til «av seg sjølv» ettersom byen vaks. Planlagde byar har derimot rette, breie gater, etter kvart tilpassa moderne biltrafikk. Ein har drive med byplanleggjing i Kina i fleire tusen år, men i Europa blei det ikkje vanleg før på 1700-talet. Ein by kan leggjast langs eit rutenett av vegar, eller rundt eit sentralt punkt med vegar eller kanalar i sirklar rundt.

[endre] Bydelar

Byar er gjerne delte opp i bydelar med ulike særtrekk og ibuarar. Dei kan husa ei særskild folkegruppe, kalla gettoar viss dette er tydeleg. Dei kan ha særskilde område for visse yrkesgrupper, som sølvsmedar, eller for visse handelsstader, som klesbutikkar. Pris og kvalitet på husvære varierer òg frå bydel til bydel, og byar blir ofte delt inn i «gode» og «dårlege» område ut frå dette.

[endre] Fordelar og ulemper

Byar gjev mange fordelar til ibuarane sine, som ved at dei er så mange får eit rikt utval av arbeid, varer og underhaldning, og mange andre menneske dei kan velja å samhandla med eller ikkje.

På den andre sida gjer byane menneske anonyme og mindre interessert eller forståelsesfulle for kvarandre. Stadige gnissingar med andre kan leia til vald. Mange menneske fører òg til ureining av luft og nærområde gjennom trafikkstøv, søppel og kloakk.

[endre] Sjå òg

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com