Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Portugal - Wikipedia

Portugal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

República Portuguesa
Det portugisiske flagget
Det portugisiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonale motto: Ikkje noko
Geografisk plassering av Portugal
Offisielle språk Portugisisk
Hovudstad Lisboa
Styresett
Republikk
Aníbal Cavaco Silva
José Sócrates
Flatevidd
 - Totalt
 - Andel vatn
 
92 391 km² (111.)
0,5 %
Folketal
 - Estimert (2005)
 - Folketeljing (—)
 - Tettleik
 
10 566 212 (76.)

114/km² (66.)
Sjølvstende
1139
BNP
  - Totalt (2005)
  - Per innbyggjar
 
203,947 mrd. USD (41.)
19 949 USD (36.)
Valuta Euro
Tidssone UTC -1/0
Nasjonalsong A Portuguesa
Nasjonaldag 10. juni
Internasjonal telefonkode +351
Nasjonale toppdomene .pt

Portugal er eit land på Den iberiske halvøya sørvest i Europa. Portugal grensar til Spania og har kyst mot Atlanterhavet. Øyane Madeira og Azorane høyrer òg til Portugal. Landet har ei fortid som kolonimakt og herska mellom anna over Brasil og Mosambik, men har òg sjølv opplevd ytre påverkingar frå ulike folkeslag, som keltarar, fønikarar, romarar, visigotarar og maurarar.

Kart over Portugal Trykk for større utgåve.
Forstørr
Kart over Portugal
Trykk for større utgåve.

Innhaldsliste

[endre] Geografi

Elva Tejo deler landet i to. Nord for elva er det mest skogdekka høgland, medan landskapet sør for elva er lågt og bølgande. Klimaet nord i Portugal er fuktig og mildt på grunn av Atlanterhavet. Sør i landet er det varmare, tørrar, og med milde vintrar.

Det vestlegaste punktet i Europa, Kapp Rocha, ligg i Portugal.

Dei største portugisiske byane er Lisboa, Porto, Coimbra, Braga, Faro, Portimão, Évora, Leiria, Beja, Vizeu, Guarda, Guimarães og Bragança. Folk bur hovudsakleg langs kysten.

[endre] Klima

Portugal utgjer den vestlege delen av Den iberiske halvøya, og møter ofte lågtrykk frå Atlanterhavet om vinteren. Det meste av nedbøren fell i Portugal og ikkje mykje går vidare til Spania i aust. Fjellområda i den nordlege halvdelen av Portugal forsterkar denne effekten. Enkelte av dei nordlege vêrstasjonane får like mykje nedbør om vinteren som veskysten av Irland og Skottland, med snø i høgda. Lågtrykka streifer vanlegvis berre innom dei sørlegare områda, som Faro og Beja, og her regnar det gjerne berre eit par gonger i veka om vinteren. Vintertemperaturane langs kysten er omlag som langs kysten av Spania, men i fjella er det vesentleg kaldare.

Sommarane har som regel fint vêr, medan Atlanterhavet av og til fører med seg litt fukt over land. Temperaturane når vanlegvis 24-30ºC på ettermiddagen langs kysten, medan det er litt lågare temperaturar i fjellområda. I den søraustlege delen av Portugal kan det derimot bli svært varmt, og Riodades målte ein gong 50ºC. Dei nordlege områda kan få ei og anna regnbyge om sommaren, medan det stort sett er tørt lenger sør. Temperaturane er òg behagelege om våren og hausten, og nedbøren held seg på eit minimum frå mai til november. Lisboa har ein normal årsnedbør på 708 mm, og berre 17 mm av dette kjem i perioden juni-august. Porto, som ligg lenger nord på kysten, får derimot 1150 mm i året, medan Faro berre får 521 mm (7 mm frå juni til august).

[endre] Historie

Frå mellomalderen til 1900-åra var Portugal eit monarki, men i 1908 blei kongen og kronprinsen i landet drepne i eit attentat, og to år etter blei landet utropt til republikk. Mellom 1910 og 1925 hadde landet 40 ulike regjeringar og 18 revolusjonar eller kuppforsøk. António Salazar tok makta ved eit militærkupp i 1926 og innførte eit diktatur som varte til 1974. Det blei styrta i Nellikrevolusjonen og demokratiske reformar tok til.

[endre] Økonomi

Portugal eksporterer mellom anna tekstil, som klede og fottøy, elektriske produkt, vin og fiskeprodukt. Det er verdas største eksportør av kork. Gruvedrift er ein viktig industri og produserer mellom anna svovelkis, kaolin, sink og wolfram. Turisme er i stadig aukande grad ein viktig næringsveg.

[endre] Lenkjer ut

Commons har multimedia som gjeld: Portugal


[endre] Kjelder


EU Den europeiske unionen (EU) og EØS-området:

Austerrike | Belgia | Danmark | Estland | Finland | Frankrike | Hellas | Irland | Italia | Republikken Kypros | Latvia | Liechtenstein | Litauen | Luxembourg | Malta | Nederland | Polen | Portugal | Slovakia | Slovenia | Spania | Tsjekkia | Tyskland | Storbritannia | Sverige | Ungarn

Berre EØS:

Island | Liechtenstein | Noreg

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com