Muhammed
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg namnet Muhammed
Islam |
Sentrale personar |
Muhammed
Ali – Aisja – Følgjesveinene til Muhammed – Andre profetar i islam |
Geistlege |
muaddhin –imam – mullah – ayatollah – mufti
|
Muhammed (Arabisk språk: محمد, fullt namn Muhammad ibn Abd Allah ibn Abd al-Muttalib ibn Haschim ibn Abd Manaf al-Qurayschi), fødd i Mekka i år 570 og død i år 632 i Medina, var ein arabisk politisk og religiøs leiar. Namnet kan òg verta skrive Muhammad, Mohammad, Mohammed, eller Mahomet. Muhammed vert i religionshistoria sett på som grunnleggjaren av religionen islam, nokre gonger kalla muhammedanisme, sjølv om muslimar berre ser på han som den siste og viktigaste i ei rekkje muslimske profetar.
I islam er Muhammed rekna som profet, han vert difor ofte omtala som profeten Mohammed. Koranen er islam si heilage skrift og profeten Muhammed si openberring. For dei truande er Koranen Allah (Gud) sine ord i bokstavleg nemning, ein kopi av ei himmelsk bok «nedsend» til Muhammed via openberringar. Muhammed står sentralt i den muslimske truvedkjenninga sjahada: «Ikkje finst nokon annan gud enn Allah, og Muhammad er bodberaren åt Allah».
[endre] Livssoge
Muhammad var son til Abdullah og skal ha vore ein vidt reisande handelsmann. I 610, då han var rundt førti år gammal, skal han ha hatt eit syn medan han ba i grotta Hira nær Mekka. Seinare skildra han synet som ei vitjing av erkeengelen Gabriel, som ba han minnast og dela dei versa Gud sende han. Desse versa skulle seinare bli samla i Koranen. Engelen sa òg at Mohammed var blitt vald ut av Gud som den siste profeten blant menneska.
Muhammed tok etter kvart til å preika ein streng monoteisme og åtvara folk om at dommedag snart ville koma. Mange innbyggjarar i heimbyen Mekka likte dette dårleg, og i 622 måtte Mohammed flykta frå byen. Han drog til Yathrib, seinare Medina, saman med dei som følgde han, og grunnla her det første muslimske samfunnet.
Då dei var blitt mange og sterke nok leia Muhammed trussamfunnet sitt i krig mot dei vantru. Desse overvann Mekka i 630, og la etter kvart under seg store delar av Arabia. Då Mohammed døydde hadde religionen spreidd seg utover heile den arabiske halvøya såvel som nordover til Syria og Palestina.
[endre] Eksterne lenker
Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over religionsspirer. |