Ideell gass
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fenomenet idealgass stammar frå tilstandslova for gassar. Tilstandslova seier for ein gass at trykket p gonga med volumet V, dividert med absoluttemperaturen T er ein konstant verdi. (p * V) / T
Ein idealgass er ein gass der denne formelen er heilt nøyaktig kvar gong. I ein idealgass påverkar ikkje molekyla kvarandre og den indre potensielle energien er lik null.
For reelle gassar stemmer ikkje dette heilt, sjølv om tilstandslova ofte er brukbar ved vanlege trykk og temperaturar.