Republikken Makedonia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Ukjent | |||||
Offisielle språk | Makedonsk, Albansk1 | ||||
Hovudstad | Skopje | ||||
Styresett |
Republikk Branko Tsrvenkovski Nikola Gruevski |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
25 333 km² (149.) 1,9 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
2 045 262 (140.) — 81/km² (87.) |
||||
Sjølvstende |
8. september 1991 | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
15,996 mrd. USD (120.) 7 749 USD (77.) |
||||
Valuta | Makedonsk dinar | ||||
Tidssone | UTC +1 | ||||
Nasjonalsong | Denes Nad Makedonija (I dag over Makedonia) | ||||
Nasjonaldag | 2. august | ||||
Internasjonal telefonkode | +389 | ||||
Nasjonale toppdomene | .mk | ||||
1Alle språk som snakkast av minst 20% av innbyggjarane i ein kommune er offisielle språk i den kommunen. Dette inkluderer språk som albansk, tyrkisk, serbisk, romanés, osb. |
Republikken Makedonia er eit land i Søraust-Europa som grensar til Serbia i nord, Hellas i sør, Albania i vest og Bulgaria i aust. På engelsk språk er namnet på landet "the Former Yugoslav Republic of Macedonia" (Forkorta FYROM, FYRoM eller F.Y.R.O.M.). Det engelske namnet og forkortingene vert ofte nytta i internasjonal samanhang. Det kompliserte formelle namnet kjem av striden om namnet Makedonia mellom Hellas og republikken Makedonia. Makedonia i Hellas er eit område nord i Hellas utgjort av tre provinsar. Hellas meiner at Makedonia er eit gresk namn. I tillegg er Hellas redd for at Republikken Makedonia skal ynskja å utvida landområdet sitt til heile regionen Makedonia. I regionen er det mest slavisk folkesetnad. Som eit kompromiss vart republikken Makedonia i 1993 anerkjend av dei sameinte nasjonane under FYROM- namnet.
Klima
Makedonia har eit klima som er ganske likt Sentral-Europa med kalde vintrar og varme somrar. Sommaren er den våtaste tida på året, men har meir sol og er tørrare enn t.d. Albania i vest. Vinteren er òg tørrare, kaldare og meir skya enn Albania. Mykje av landet er fjellområde og høgareliggande område, som kan få ein god del snø. Skopje har ein nedbørsnormal på 508 mm i året.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |