Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wikipedia:Babel |
nn |
Denne brukaren har norsk som morsmål og meistrar nynorsk. |
|
nb |
Denne brukeren har norsk som morsmål og behersker bokmål. |
|
|
fr-2 |
Cette personne peut contribuer avec un niveau moyen en français. |
|
|
|
Erlend Estenstad (f. 10. mars 1981), av utlendingar gjerne kalla «Ireland», kjem frå Skaun i Sør-Trøndelag. Han studerer internasjonal økonomi ved HEI Genève i Sveits.
Av tidlegare utdanning har Erlend ein bachelorgrad i finansiell styring frå Trondheim Økonomiske Høgskole, inkludert eit utvekslingssemester i Leeds. Etter bacheloren tok han eit år med diverse samfunnsøkonomifag med meir på NTNU, før han starta studia i Genève i oktober 2005.
Wikifilosofien hans er å skrive og/eller omsetje om fagområde han meiner han kan ein del om (økonomi), tema han synest er artige å ta tak i (til dømes geografi), og aktuelle emne han trur folk kjem til å søkje på i den næraste tida (slik som norske idrettsutøvarar rett før eit OL). I tillegg kjem generell feilretting og nødvendig opprydding.
Han synest det er berre fint dersom nokon betrar artiklane han har skrive på og blir glad for helsingar og meiningsytringar på diskusjonssida si! :)
[endre] På verdsveven