William Shakespeare
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
William Shakespeare (23. april 1564–23. april 1616)¹ var ein engelsk diktar og skodespelforfattar, og har det største ryet av alle engelskspråklege forfattarar.
Shakespeare er ikkje berre stor når det gjeld poetisk og dramatisk form, evna hans til å fange og formidle dei djupaste sidene av den menneskelege naturen blir av mange sedd som eineståande. Som ein òv-stor figur i verdslitteraturen har han framleis innverknad i alle verdsdelar. Han er omsett til alle viktige mål, og skodespela hans blir spela heile tida, verda rundt. Han er mellom dei få som har skrive både tragediar og komediar godt.
Shakespeare skreiv verka sine mellom 1588 og 1616. Han fekk gjort svært mykje når ein tenkjer på at han berre vart 52 år gammal. Innverknaden hans i den engelskspråklege verda visest mellom anna i den vide bruken av sitat frå skodespela hans og i talet på åndsverk basert på Shakespeare-uttrykk.
Innhaldsliste |
[endre] Biografi
Shakespeare vart fødd i Stratford-upon-Avon i april 1564 som son av handelsmannen John Shakespeare og Mary Arden. Som son av ein framståande byborgar med offentlege verv, fekk William Shakespeare truleg gå på Stratford Grammar School, som kan ha gjeve god utdanning i latinsk grammatikk og litteratur. Ein er ikkje sikker på dette, for kvaliteten på desse skulane var ujamn på den tida.
Shakespeare gifta seg med Anne Hathaway, som var åtte år eldre enn han, i 1582. Anne skal ha vore gravid da. Dei fekk tre barn, Susanna, Hamnet og Judith. Hamnet døydde berre elleve år gammal.
Lite er kjent om Shakespeare før han så dukkar opp i det litterære miljøet i London. Han vart etter kvart skodespelar, forfattar og til slutt del-eigar av eit teaterkompani kalla Lord Chamberlain's Men etter sponsoren. Etter James 1. vart konge i 1603, vart kompaniet adoptert av han som King's Men. Kompaniet heldt til i Globe Theatre i London.
Ymse dokument viser at Shakespeare vart rik nok medan han oppheldt seg i London til at han kunne kjøpe både ein eigedom i London og det neststørste huset i Stratford.
I 1609 vart sonettane hans gjevne ut. Kjærleiksdikta var adresserte til to personar, dei første og fleste til ein lys mannleg ungdom av høg byrd, resten til ei mørk dame av lågare byrd.
Shakespeare trekte seg tilbake i 1611. Han døydde i 1616. Han var gift med Anne Hathaway til han døydde, og er gravlagd i Holy Trinity Church i Stratford-upon-Avon.
[endre] Ry
Ryet til Shakespeare har berre vakse sidan han levde. Ikkje før frå førstninga på 1700-talet har Shakepeare hatt ei klår leiing som skodespelforfattar på den engelske scena, men i litteraturkritikken har han hatt førsteplassen heilt frå starten. I førstninga på 1800-talet auka romantiske kritikarar som Samuel Taylor Coleridge ryet til Shakespeare enda meir, mesta til den reine dyrkinga av han som profet og geni. Men andre har hevda at Shakespeare ikkje kunne ha skrive alt som er gjeve ut i hans namn.
[endre] Skodespela og kategoriseringa av dei
Skodespela til Shakespeare kom først ut på prent som ein serie av «folios» og «quartos», og dei blir framleis mykje studerte og framførte. Det utgjer ein etablert del av den vestlege litterære «kanon».
Skodespela er tradisjonelt inndelte i tragediar, komediar og historier, men somme meiner idag at nokre av dei heller burde nemnast «problemstykke» fordi dei - kanskje med vilje - bryt med dei konvensjonelle kategoriane. I tillegg blir dei seinare komediane vanlegvis òg kalla «romansar». I lista nedanfor tyder ei stjerne «romanse», to stjerner «problemstykke».
[endre] Komediar
- The Tempest *
- The Two Gentlemen of Verona
- The Merry Wives of Windsor
- Measure for Measure **
- The Comedy of Errors
- Much Ado About Nothing
- Love's Labour's Lost
- A Midsummer Night's Dream
- The Merchant of Venice **
- As You Like It
- Taming of the Shrew
- All's Well That Ends Well
- Twelfth Night or What You Will
- The Winter's Tale *
- Pericles, Prince of Tyre * (ikkje inkludert i den første «folio»)
- The Two Noble Kinsmen * (likeins)
[endre] Historiske stykke
- King John
- Richard II
- Henry IV, part 1
- Henry IV, part 2
- Henry V
- Henry VI, part 1
- Henry VI, part 2 v
- Henry VI, part 3
- Richard III
- Henry VIII
[endre] Tragediar
- Troilus and Cressida **
- Coriolanus
- Titus Andronicus
- Romeo and Juliet
- Timon of Athens
- Julius Caesar
- Macbeth
- Hamlet
- King Lear
- Othello
- Antony and Cleopatra
- Cymbeline * (normalt klassifisert som komedie idag)
[endre] Dikt
Shakespeare er først og fremst kjend for ei rekke kjærleikssonetter. Han skreiv òg nokre lengre dikt: Venus and Adonis, The Rape of Lucrece, The Passionate Pilgrim, The Phoenix and the Turtle og A Lover's Complaint.
[endre] Bakgrunsstoff
[endre] Fotnotar
¹ Shakespeare blei døypt den 26. april. Ettersom ein vanlegvis døypte ungar kort tid etter fødselen, er han tradisjonelt blitt gjeven fødselsdagen 23. april, som òg var dagen han døydde på. I den gregorianske kalenderen var datoen han døydde på den 3. mai.