Romantikken
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romantikken var ein retning innan kunst og filosofi som strekte seg frå rett før 1800 og framover minst eitt halvt århundre. Han la vekt på fridom frå kjensler, fantasi og fridom frå reglar, anten dei gjaldt samfunnet eller klassisk kunst. Fleire av idéane frå romantikken la grunnlaget for det moderne samfunnet.
Utgangspunktet for romantikken har vore tema for litteraturvitarar og historikarar gjennom heile 1900-talet. Det er framleis stor usikkerheit rundt opphavet til retningen, men det er gjerne to faktorar ein snakkar om: Opprør mot opplysningstida og klassisismen sine ideal og den franske revolusjonen i 1789. Den franske revolusjonshelten Jean-Jacques Rousseau var mellom grunnleggjarane. Han meinte at ein måtte «tilbake til naturen»; det vil seie det opprinnelege og naturlege.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |