Dåp
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristendommen |
Livssyklus |
Dåp | konfirmasjon | ekteskap | død | gravferd |
Utøving |
Forbøn | gudsteneste | kyrkje | liturgi | nattverd | sabbat | sakrament |
Dåp er den kyrkjelege handlinga der eit menneske vert teke opp i det kristne kyrkjesamfunnet.
Dåpsseremonien gjekk tidlegare ut på at barnet skulle neddykkast i vatn, men frå og med seinmiddelalderen er det nok at ein auser vatn over barnet sitt hovud. I mange land, mellom anna Noreg, inneheld dåpsritualet også eit spørsmål om barnet sitt namn, og slik er dåpen også ei offentleggjering og stadfesting av barnet sitt namn.
Dåp er i den protestantiske trua det første og grunnleggjande sakramentet, og var lenge obligatorisk i Noreg.
Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over religionsspirer. |