Riga
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riga | |
---|---|
160px | |
Rajon: | Riga Rajon |
Flatevidd: | 307,17 km² |
Folkesetnad: | 720.241 (2006) |
Folkesetnadstettleik: | 2393,6 /km² |
Riga (latvisk: Rīga, estisk: Riia, polsk, litauisk: Ryga) er hovudstaden i Latvia. Byen ligg i Rigabukta ved Austersjøen. Byen har kring 720 000 innbyggjarar (2006). Den er den største byen i dei baltiske statene. Det latviske parlamentet Saeima høyrer òg heime her, i tillegg til presidenten av Latvia.
Elva Daugava går gjennom byen, som er delt i tre hovuddelar: Gamlebyen og sentrum på nordbreidda og Pardaugava på sørbreidda. Gamlebyen og sentrum har mange bygg i Art Nouveau-stil, og gamlebyen har i tillegg mange bygg frå mellomalderen. Byen er relativt flat, og over taka ragar spira på dei mange kyrkjene. Det 368,5 meter høfe Fjernsynstårnet er den høgaste konstruksjonen i byen og det tredje høgaste tårnet i Europa.
Gamlebyen i Riga er teken med på UNESCO si liste over verdsarv.
[endre] Kjende personar frå Riga
- Mikhail Baryshnikov - dansar og skodespelar
- Isaiah Berlin - Oxford-utdanna filosof
- Sergei Eisenstein - russisk regissør
- Heinz Erhardt - tysk komikar
- Laila Freivalds - svensk utanriksminister
- Meinhard von Gerkan - arkitekt
- Artūrs Irbe - ishockeyspelar i NHL
- Mariss Jansons - dirigent
- Jānis Lūsis - fire gonger olympisk deltaker
- Wilhelm Ostwald - kjemikar, nobelprisvinnar (1909)
- Sandis Ozoliņš - ishockeyspelar
- Arkady Raikin - sovjetisk komikar
- Mikhail Tal - den åttande verdsmeisteren i sjakk
- Sergei Zholtok - ishockeyspelar
[endre] Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad (latvisk, russisk, engelsk)
- Den norske ambassaden
- Riga Wiki (engelsk)
- UNESCO si side om gamlebyen (engelsk)
- Skonto fotballklubb (latvisk, engelsk, russisk)
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |