Norsk Målungdom
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk målungdom (NMU) er ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag, og den einaste ungdomsorganisasjonen i Noreg som organiserer ungdom for dialektar og nynorsk.
NMU vil at folk sjølve skal ta stilling i målsstriden, og ikkje overlate framtida til «utviklinga». I tillegg til å arbeide for at fleire skal velje nynorsk, arbeider NMU for å sikre rettane til nynorskbrukarane.
Rørsla av organiserte unge målfolk er mykje eldre enn samskipnaden Norsk Målungdom, som vart skipa i 1961. Alt i 1877 vart det første målungdomslaget, Maalvinarlaget, skipa ved Stord Lærarskule.
Leiar for NMU har i 2004–2005 vore Sigbjørn Hjelmbrekke, og ny leiar frå sommaren 2005 er Synnøve Midtbø Myking.
[endre] Leiarar i Norsk Målungdom
- Eirik Aksel Larsen 1961–1962
- Eivind Oterholm 1962–1963
- Arve Sæbø 1963–1964
- Kolbein Dahle 1964–1965
- Tor Gabrielsen 1965–1966
- Kjellaug Jetne 1966–1968
- Jarle Varpe 1968–1969
- Aslak L. Helleve våren 1969
- Olaf Nøkleby 1969–1970
- Åse Hjørnevik 1970–1971
- Ola Svein Stugu 1971–1972
- Ola E. Bø og Arve Elvik 1972–1973
- Brita Helleland 1973–1976
- Bodil Røyset 1976–1977
- Åsmund Forfang 1977–1978
- Magnhild Bruheim 1978–1979
- Nils Kårfald 1979–1980
- Thomas Skålnes 1980–1981
- Aud Søyland 1981–1982
- Atle Faye 1982–1984
- Roar Madsen 1984–1985
- Marit Fjordheim 1985–1986
- Paul Sandøy 1986–1987
- Lise Kvande 1987–1988
- Ingar Arnøy 1988–1989
- Hans Olav Brendberg 1989–1990
- Bård Eskeland 1990–1991
- Kari Bjørnsvik 1991–1992
- Gro Morken Endresen 1992–1995
- Trond Sæbø 1995–1996
- Håkon Kolmannskog 1996–1998
- Magnus Bernhardsen 1998–2000
- Astrid Sverresdotter Dypvik 2000–2002
- Gudrun Kløve Juuhl 2002–2003
- Fredrik Gustavsen 2003
- Unn Catodotter Fyllingsnes 2003–2004
- Sigbjørn Hjelmbrekke 2004–2005
- Synnøve Midtbø Myking 2005–