Magnus Bernhardsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnus Bernhardsen (f. 12. mai 1976) frå Oslo er ein norsk målmann og venstreaktivist. Han var leiar i Norsk Målungdom i åra 1998-2000, og har arbeidd som organisasjonssekretær i Noregs Mållag sidan 2000.
Innhaldsliste |
[endre] Barndom og oppvekst
Magnus Bernhardsen budde dei fyrste leveåra sine på Tau i Ryfylke. Familien flytte til Veitvet i Oslo, og der har han budd sidan. Han gjekk på ålmenfagleg linje på vidaregåande ved Oslo katedralskole i 1992-95. Dessutan har han studert bibliotekfag i eitt år ved Høgskolen i Oslo.
[endre] Målsak
Då han var leiar i Norsk Målungdom, profilerte Magnus Bernhardsen kampanjane «Ta flagget tilbake frå nazistane» (1998) og «Stogg urbanismen» (1999). Hausten 2000 tok han over etter Vidar Lund som organisasjonssekretær i Noregs Mållag sentralt.
[endre] Andre verv i og for målrørsla
- Leiar i Oslo Mållag 2000–1
- Medlem av skriftstyret for Mål og Makt (tidsskriftet til Studentmållaget i Oslo) 2000–6.
- Styremedlem i Landsrådet for Norges Barne- og Ungdomsorganisasjoner (LNU) frå 2001–3.
[endre] Anna
Bernhardsen er svært aktiv Vålerenga-supportar, og er medlem av hovudstyret i Klanen (2006-).
I 1995 skreiv han heftet Biji Kurdistan (utgjeve av Raud Ungdom, ISBN 82-992848-6-4) saman med Lars Julin etter ei reportasjeferd i Kurdistan.
Føregjengar: Håkon Kolmannskog |
Leiar i Norsk Målungdom |
Etterfylgjar: Astrid Sverresdotter Dypvik |